Barnevognknappen
Som sikkert mange har fått med seg har det kome nye bussar. Dei er grøne. I tillegg har dei fullt av stoppknappar, og ein blå barnevognknapp. Barnevognknappen heng nede på veggen i midtgangen. Den har vore eit stort mysterium heilt sidan bussane kom. Eg har aldri våga å trykka på knappen, men i går blei mysteriet løyst.
Eg og Karen Amalie skulle på trening. Me var ganske godt i laget, og då me hadde hoppa på overgangsbussen til frå Klepp til Sandnes byrja det.
Hilde: Karen, he du prøvt den knappen der?
Karen: Kefforen knapp?
Hilde: Den blåe med barnavogn på!
Karen: Hahahaha! Konge! Trykk på an!
Hilde: Eg vett ikkje om eg tåre. Tenk viss det komme sånn vidle lyd?
Karen: Hahaha! Nei, Hilde. Trykk!
Etter mykje om og med trykka eg på knappen. "Duururuuuuuuuuuu"! Karen og eg spruta ut i latter.
Karen: Hahahahha! Konge! Trykk en gong te!
Hilde: Hahaahha! Nei! Dæ jær eg ikkje! Trykk du!
Karen: Hahaah. Okei, rett før me går av så ska eg trykka.
Dessverre trykka Karen så fort at me ikkje fekk høyrt heile lyden. Likevel kom det eit lite: "Duuun". Barnevognknappen er utan tvil den beste knappen i heile bussen, og frå no av skal Karen og eg bare trykka på den blå knappen.
5 kommentarer:
heiheihei! Dere ikke må misbroke barnevognknappen
Nei, greit. Me ska kje misbruga an. Bare bruga an litt;)
men du, he du fonne ud kæ så æ meiningå mæ an? Æg æ nysgjerrige på d... *spør bussjåføren* Æ kje sånne fanzy knappa her i Bergen
Eg he ikkje fonne d ud ennå. men eg trur eg ska spør neste gong:D viss eg får mæ meg nogen;)
Ja d må du!!=)
Legg inn en kommentar