mandag, januar 07, 2008

Hvem skjuler seg bak nissemaska konkurransen 2007

No kjem den innhaldsrike, omfattande og ikkje minst etterlengta bloggen om "Hvem skjuler seg bak nissemaska konkurransen 2007".

Det som har kjenneteikna årets nissekonkurranse er dei vanskelege oppgåvene. Tidlegare har kjendisane vore i "Paint" for å få makeover. Luene var dårlege, skjegget var pistrete og dei såg litt billige ut. I år derimot, har dei vore i eit litt meir eksklusivt studio, nemleg "Photoshop". Dei har fått betre kvalitet på luene, finare pelskant, kraftigare skjegg og meir markerte øyenbryn. Alt dette har gjort slik at deltakarane ein etter ein har kasta inn handkledet.

I starten av konkurransen var det svært jamt. Både Asle, Kjersti, Horpestad, Stine og Anne- Marie markerte seg. Det såg ut til å bli svært vanskeleg å skilja klinten frå veten. Det var spesielt to som utmerka seg: Horpestad og Asle.

Den mystiske Horpestad.
Horpestad kom som lyn frå klar himmel. Det var få som hadde høyrt om denne dyktige personen før. Stadig fleire spørsmål dukka opp i kven Horpestad var og om det var ein gut eller ei jente.

asle sa...
kem e denne horpestad?
Han me krykkå sa...
kem e horpestad ???
asle sa...
dette e korupt, e jo bare teit at horpestad ikkje seie kem an e.
asle sa...
kem e denne horpestad,kjenne eg begynne å bli litt irritetre her

Etter kvart blei Horpestad så mistenkjeleg at personen bestemte seg for å gå under dekknamnet "Mystiske Horpestad"

asle sa...
kor blir de av horpestad elle ska me sei hanne egeland ? som e den mystiske horpestad
mystiske Horpestad sa...
viss eg hadde hett Laland Egeland så hadde eg vel virkeligt kje kalla med Horpestad ?.. Det er jo akuratt som å si.Hei, jeg hetter Alex Rosen men du kan kalle meg Sven o'Høyby ?ellerHei, jeg hetter kari, men du kan kalle med Siri.. :p..
asle sa...
men de e noge muffins me dette, får horpestad kan liga så godt ver trine.
3ne sa...
Asle! Dæ æ jaffal ikkje mæg! Æg æ mæ på å finna på disse personane. Æg æ ikkje så tabar at æg går inn å vinne heile greine!
Ingvild=) sa...
HALLO! eg vett kem Horpestad æ!dæ æ en ekta person, så dæ æ ikkje vits å diskutera en gong;)
asle sa...
d e bare litt merkele at denne Horpestad ikkje tørr å sei kem hu/han e.
Ingrid sa...
Laland Egeland æ jo en ekta person.. akkurat så dokke seie Horpestad æ..*støtte asle*
mystiske Horpestad sa...
Asle, du får bare venta te den 24 :) Viss eg vinner ( LEgg sterkt merke til Viss! ) så er det jo hedersblogg ting, så daa får du vite alt :)
asle sa...
me vett jo at du e Hanne/Ingvild
mystiske Horpestad sa...
Fillen, men va værtfall AAAlt, for seine i dag værtfall
asle sa...
dæ stemme dæ, turid/hanne/stine
mystiske Horpestad sa...
Asle : forvente du ein full indruksjon med bosted,Navn, Rulleblad, fødselsdato, fødselsnummer, navn til foreldrer, og vennekrets du eller ?

Etter kvart blei Asle ganske så "forveden" som det heiter på godt jærsk. Horpestad var nemleg utruleg dyktig. Og eg trur mange fekk bakoversveis då personen klarte Baldur Sigurdsson den 9. Desember. Stillinga sto og vippa mellom Horpestad og Asle heile tida. Plutseleg var Horpestad i føringa, men etter nokre få dagar hadde Asle tatt opp jakta igjen og rykka stadig ifrå den mystiske Horpestad.

Eg veit at det der fleire som er svært nyskjerrige på kven den mystiske Horpestad er. Nei, eg skal ikkje halda dykk på pinebenken lengre. Her kjem det nemleg ein kort biografi om den mystiske Horpestad.
Den mystiske Horpestad sitt fulle namn er Hilde Marie Horpestad. Ho vaks opp på Refsnes i Hå kommune saman med familien og brødrene sine.
Etter kvart som Hilde blei eldre byrja ho på Høyland skule. Ein liten grendaskule som har oppfostra svært mange idrettstalent. Blant dei fann me Hilde, og i dag er ho keeper og vokter buret på Nærbø. I tillegg speler ho også handballfor blåstripene.
Då Hilde var ferdig på barneskulen byrja ho på Nærbø ungdomsskule. Dersom folk tenkjer etter er det sikkert fleire som kan hugse å ha sett denne jenta i jærbladet då ho og tre andre venninner blei presentert i artikkelen "kjekt å vera skuleflink på Nærbø".. No går Hilde på Bryne VGS i klasse 1STB. Ho har også traktorlappen, og stadig vekk er ho ute og køyrer i den grønne John Deeren sin.

Barter i hytt og pine
Ufin ordbruk har prega årets nissekonkurranse. Det er spesielt tre gutar som har utmerka seg. Først og fremst er det Asle. Asle er ein flittig brukar av ordet "feen".

asle sa...
feen horpestad i dag vant du, hilde du legge bilde alt får seint ud.
asle sa...
feen så jevnt.ingen så lede ennå
asle sa...
fillen idag hadde eg ikkje sjangs å svara,va i oslo i heila dag :P feen.
asle sa...
feen ao,idag sko eg klara de.men vett jo ikkje om de e mann elle dama,såe Kjersti grini :P
asle sa...
ikkje feen horpestad
asle sa...
hilde kom me noge hint då. feen me vett jo kje om de e mann elle dama
asle sa...
feen diskriminerane ting :P
asle sa...
han kom jo me en feens kommentar her i vegå, Feen!
asle sa...
dorthe skappel feen
asle sa...
fy feen,dette e koruppt.Feen Feen Feen Feen Feen Feen Feen Feen Feen Feen Feen Feen Feen Feen Feen Feen Feen Feen Feen Feen Feen Feen Feen Feen Feen Feen Feen Feen

Det var ikkje berre Asle som varta opp med sterke gloser. Etter kvart vakna både Unge Paulsen og Sletne Olsen frå vinterdvalen. Plutseleg ein dag kom dei med denne kraftfulle kommentaren:

Alfred og Henning :-) sa...
Fuck asle!
Dette skapte vannvittig mykje oppstyr, og førte til slutt til bart både på Unge Paulsen og Sletne Olsen. Sletne Olsen vakna vel aldri frå vinterdvalen. Han glimta til med Bibliotekaren på Time Bibliotek, men elles blei det for vanskeleg for Olsen i år. Dette var likevel gjennombruddet for Unge Paulsen som berre hadde våre ein skugge av seg sjølv i starten av konkurransen. Han kom sterkt tilbake og tok indersvingen på dei fleste i slutten av tevlinga. Likevel vakna han litt for seint. Det var nemleg ein annan kar som hadde stukke av med seieren.
Asle Ege(n) Aarsland
Ja, i år var Asle i ege(n) klasse. Ikkje berre hadde han ny rekord i å svara raskast, men han stakk faktisk av med heile seieren. Den nye rekorden er på 2 minutt. Likevel hadde Asle fleire slike kjappe reaksjonar. Nokre på 2,5 minutt andre på 3 minutt. Det var utruleg imponerandre. Asle har fått gjennomgå ganske mykje i år. Rett som det var har Unge Paulsen frista i Asle. Han har masa på at Asle skal ha bart og har svara i Asle sitt namn. Asle er likevel ein rutinert mann, og har takla favorittstempelet med glans. I slutten hadde han seieren i lomma og dei siste oppgåvene vart plankekjøring for frisørsonen. Det er derfor med stor ære og utropa Asle Aarsland til vinnar av årets "Hvem skjuler seg bak nissemaska konkurranse 2007".
1. plass Asle Aarsland
2. plass Hilde Marie Horpestad
3. plass Alfred Maudal Paulsen
4. plass Henning Olsen
4. plass Stine Bjelland
4. plass Anne-Marie Kleppe
4. plass Kjersti Løvoll
4. plass Hanne Laland Egeland
4. plass søstrene LundMathisen
Tusen takk for innsatsen alle saman. De er alle vinnarar

10 kommentarer:

Anonym 10:59 p.m.  

Gratulerer med Seieren Asle :P haha!:D

Anne-Marie 9:31 p.m.  

Gratulera:) imponerande!

Anonym 11:19 p.m.  

Sjefs. eg e allerede klar får årets konuranse :P

Anonym 10:50 p.m.  

feen d va impnerandes!;) Gratulera Asle..!=)

Æg kjæme sterkare tbage, æ vist påsken så æ min store hitt, lige bære når di blir kledd ud som kjyllinga å påskehara;)

Trine Selvikvåg 8:05 a.m.  

Slenge mæg på og Gratulere Asle mæ en fortjente seiar. Må ao gratulera Horpestad for året nykommar. Dæ va ao imponerande. Gratulere ao Paulsen og Olsen for årets comeback. Godt å ha underholdning i desember når NRK svikte!

Anonym 1:39 p.m.  

koss går det med deg Hilde? veldig kult at du har blogg. vi ses vel i ferien?? klem martin

Anonym 9:18 a.m.  

?? ikke lenge til ferie nå Hilde, gleder du deg? det gjør jeg:) klem martin

Hilde 9:27 a.m.  

Hey Martin. Koss fant du min blogg? Jepp eg glede meg te ferie;)Blir herligt mæ snø! Snakkeeeees

Anonym 7:28 a.m.  

I want not agree on it. I over polite post. Especially the designation attracted me to be familiar with the sound story.

Anonym 4:16 a.m.  

Good brief and this post helped me alot in my college assignement. Thank you for your information.

  © Blogger template 'Neuronic' by Ourblogtemplates.com 2008

Back to TOP