Hyllest til trearbanden
I dag hadde me eigentrening i gymmen. Hanne, Stine og eg hadde bestemt oss for å sykla rundt Frøylandsvatnet, men det blei langt verre enn forventa. Det blåste nemleg noko heilt vannvittig. Me hadde motvind heile turen, og vinden var så sterk at me så vidt kom oss framover. Me måtte faktisk ha sykkelen i første gir ned bakkane. I tillegg regna det konstant heile tida, så mykje at det piska i ansiktet!
Då me kom til Esso høyrde me eit tut, og det var Bjarte som kom forbi i den nye bilen sin. Kan tru me hadde lyst å sitja på! Etter ei stund bestemte me oss for å ta grusvegen om Nordheim gard i staden for å sykla opp den tunge Nordheimsbakken, men det skulle me aldri gjort. Me blei nemleg innesperra av eit gjerde midt ute på den sørpete marka og måtte bæra syklane over! For eit slit!
Likevel er trearbanden kjent for å aldri opp! Me samarbeida om å bæra syklane, og sykla vidare i ein motvind som me ikkje har opplevd maken til på 16 år!
Eg er stolt over oss!

6 kommentarer:
Åååh, dæ æ såå utruligt godt å vær ferdige! Kan kje sedda ORD på dæ! Å i slutten va dæ heilt sikkart at dæ va viljen som jor at eg klarde sykla, for eg hadde ikkje møje krefte ijenn!!:)
Me klarde jammen meg å jønåføra turen, braaavooo:D
Meeen, sånn alt i alt, godt å ha litt erfaring:P hehe!
Ja dæ va heilt vannvittig godt å koma inn dørå heima. Trudde æg sko musta mode opp den slage bakken te vestly skule. Glede meg te å snakka mæ Sol i mårå;P
Stine? Nå så du he fått deg blogg, så kan du jo kommentera mæ username;P Dæ syns æg allså!
Hahaha, løøøøjen du:P nå prøve æg noge, kanskje dæ kan gå??
Haha. Ser d for mæ! Dåkker e go! Klimaet på Jæren e fryktløst. Æ sykla ned og hjæm fra jobben på Bryne en dag i vinterferien. Mått gå av sykkelen og gå hele vegen hjæm nesten. Over sletta før Vestly kom æ mæ nesten mer bak enn fram.
Men æ har "tikka" dæ Hilde! Du må se bloggen min for å finn ut mer ;)
oioi! dokker e tøff:D
Æ har "sura" dæ på bloggen min, men æ ser at cecilie også har gjort det. Men da får du bare ha blitt "sura" to ganga ;P
Hahaha! Sura! Dæ æ d kulaste navnet av alt. En Tikkeblogg æ på vei=)
Legg inn en kommentar