Balanse
Denne bloggen skal handla om balanse. Ikkje min balanse, heller ikkje din, men Trine sin balanse.
I går var eg i tøysehumør og fann ut at eg skulle ta ein kikk på ein av dei gamle videoane me har av Trine. Sidan Trine er den førstefødde her i familien har me har nemleg ingen videoar av meg og heller ingen kassetter frå då eg var lita. Derfor er det berre Trine eg kan le av. Eg kom dermed fram til at Trine faktisk ikkje har Trine endra seg noko som helst frå ho var 1 1/2. Ho er heilt lik seg sjølv både i måten å vere på, måten å gå på og utsjånad. Bortsett frå håret som er eit unntak.
Sidan Trine var lita, har ho slitt med å stå på beina. Ein skulle nesten tru at ho hadde fått i seg noko.
Me har ein datastol i huset som Trine plar sitje på. Den er litt vinglete og rett som det er plar eg høyre eit dunk. Når eg skal sjå kva det er, ligg Trine flat på golvet. Ho plar nemleg dette av stolen. Likevel er det ikkje berre datastolen ho plar ramle av. Då ho gjekk på ungdomsskulen hadde ho ein tendens til å vippe litt på stolen. Ein dag gjekk det galt og ho ramla med hovudet rett i pulten. Au! Ho måtte til helsesyster trur eg. Forresten hoppa ho også av bordet i barnehagen. Haka hennar sprakk, og ho måtte sy!
Eg har funne ut at balansen til Trine blir svekkja dersom ho ler. Då kjem "Trine lydane", og då kan ein berre blåse litt på henne, så ramlar ho! Det er komisk! Eg plar plage henne litt med det. Faktisk så utnyttar eg det også. Viss me har kappløp eller armbakk er det berre å få henne til å le, og ho knekk saman som eit korthus!
Trine har alltid blåmerke og sår på føtene. Ein skulle trudd ho vart mishandla, men det blir ho heldigvis ikkje. Ho har berre ein tendens til å detta mykje. Ho ramlar nemleg svært ofte på fotballbanen. Kvar einaste fotballkamp ho har spelt, kjem ho heim med blod på knea. Heldigvis klagar ho aldri, og det er bra for viss ikkje hadde det blitt mykje klaging.
Grunnen til at eg eigentleg skreiv denne bloggen var fordi eg som sagt såg Trine på film i går. Trine sat som vanleg på datastolen, og eg sa: "Sjå så dårlige balanse du he, Trine." Trine ler og seier: "Æg he kje så dårlige balanse". Og før ho får sagt ord av det ramlar ho av stolen og deiser i bakken.
Jaja, Trine. Du veks det av deg.

4 kommentarer:
Æg vil bare minna om at æg gjor d veldigt godt i balanseøvelsen i friidrett på sjalgcupen. Klarte å stå 4 av 4*15 minutt på en tynne pinne på en fod. Sanka ganske mange poeng på d ska æg sei dæg.
Æg kan ao minna om at då æg gjekk i barnehagen fortalte barnehagetantene mamma og far at di va litt bekymra for mæg...si æg datt av sandkassekanten i et strekk.
Æg kan ao fortella at æg føygøve keeperen på innebandyen i dag. Æg datt ao øve vante en gong...og datt i vante en gong. Fekk en kul på hoftå og slo opp såret på kneet.
Ellers løyen blogg å læsa!
du æ ei lidå vimsa, Trine:d dæ æ kej få gonge mæg å Hidle pleie læ av dæg ska du veda:D haha!..må sei meg enige mæ Trine, løyen blogg:D
Hanne? Kæ æ d dåkke lær av mæg for??
haha, løje! Dette visste eg kje..:)
Legg inn en kommentar