søndag, mars 11, 2007

Tikken

No er det eg som har tikken. Eg blei sura av Sjeeeefs-Cec og Ingeborg "Matti" Mathisen. Eg liker å ha tikken. Det er kult, for då kan eg tikka folk! Haha!

Eg har spelt tornerose i barnehagen. Eg fekk eit kyss av prinsen. Det kom i avisa og! Eg har blitt litt mobba for dette.


Eg har lest for kongen. Saman med Aud Marlen og Johan leste me Killingdans av Arne Garborg, kvar sitt vers. I tillegg var det breakdance mellom versa.

Eg har alltid med meg sitjeunderlag. Nesten alltid i allfall. Dersom me er på fotballtrening, og det er litt blaut i graset tek eg berre fram sitjeunderlaget mitt. Då slepp eg å bli blaut i boksebaken når eg skal ta på meg fotballskorne.

Eg har gått i Jærbelgen trekkspelklubb saman med folk på 70 år!

Eg gjekk med ulltråd på brillene mine på flyplassen. Det verste var at eg følte meg veldig kul! Eg hadde arva Trine sin flotte brilleinnfatning som var stort. I tillegg hadde Trine lært meg å flette med 4. Me fletta masse snorer i ull og fann ut at dei kunne hengje på brillene mine. Det var eit syn utan like då me kom på flyplassen, og på toppen av det heile var eg tannlaus!


Eg har stoppa før målstreken på 60-meter. Dette gjorde eg i Grimstad på eit stort friidrettsstemne. Eg var berre ti år den gongen, og derfor måtte eg konkurrera i elleve års klassa. I Grimstad er det sånn raudt tartandekke, og eg hadde aldri sprunge på ein sånn bane før. Startskottet gjekk. Eg sprang fort, og leda heatet mitt. Då eg passerte målstreken høyrde eg eit sukk blant publikum, og plutseleg kom alle motstandarane springane forbi meg. Eg hadde stoppa før målstreken på 60 meter! På ein slik bane er det så mange strekar, og eg hadde stoppa på den første eg såg. Eg trur aldri eg har vore så flau og lei meg. Derfor måtte eg berre springa 60-meteren åleine om igjen då me var på fotballturnering der same sommaren. Til ein opplysning sprang eg langt over i staden.


Dessverre er alle tatt, derfor sluttar eg av her!

3 kommentarer:

Stine Nessa 6:49 p.m.  

Hehey Hilde!=)

Gooode gang..æg må sei at æg he lagt merke t dæ der siddeonnerlaget:P haha!

Å dæ bilde mæ deg å brillene, va jo heilt KOOONGE!! du he kje vurdert å gå mæ di ijenn:P ahah!

Kjekt mæ nyye blogg:D

Hanne 8:04 a.m.  

herlige blogg..svakt at du ikkje hadde mæ at du he selt i buå i hallen å jekk ner t amdal å co for å je di senep;D hahah...elle at du he spronge opp å ner trappene på tribunen i lyehallen! hah..elle at du sko sykla sjangli åsså faug du :)..elle at du sko je fart på mæg på disså sånn der så me allti jore. Så faug æg av:D :) hahaha..

Hilde 2:41 p.m.  

Hahaha!

Stine: Dei brillene trur æg at me he toge farvel mæ og lagt i udklædningsklænå:P Hahah! Men jedna di kjæme fram på ei framføring! Hahaha!

Hanne: Dæ va kje lide ting du hadde fonne om mæg! Hahaha! Hilde seie: "Ska dåkke ha sennep?" Amdal seie: "Nei, me behøve ikkje dæ". Hahaha! Off! Æg fekk faktisk sjikkele merke i pannen itte æg sykla sjangli. D blødde jo noge sjukt ao. Trur æg musta et par liter der ja:P Haha! Hadde faktisk merke på 17.mai dæ året:P Sånn brune lidå ronde skorpa! Hahaha! Me he bilde av dæ ao trur æg:P Forresten så konne æg jær alt æg ville mæ dæg på disså! Du bare lo! Den der Laland latteren din:P Hahah! Men trur æg ska koma mæ enn nye blogg snart!

  © Blogger template 'Neuronic' by Ourblogtemplates.com 2008

Back to TOP