onsdag, juni 18, 2008

Presang frå London

Mine kjære søskenbarn, Marte og Stine, har nettopp vore i London. Heim frå London hadde dei med seg noko heilt fantastisk, ei Babushka dokke. Ei dokke av tre som du kan opna. Inni dokka finn du ein litt mindre figur. Denne kan du også opna. Slik held det fram heilt til figurane blir så små at det ikkje er plass. Eg diggar slike dokker. Trine har blant anna ein av Harry Potter med vennane til Harry inni, som ho fekk frå mamma då ho kom heim frå Ukraina. Men denne er heilt fantastisk, og kan du tenkja deg kva slags dokke det er?

SVAMPEBOB!

Først av alt må eg retta ein stor takk til Marte og Stine som eg fekk denne dokka av! Tusen takk! Samtidig er dette ein perfekt anledning til å bli betre kjend med Svampebob og vennene hans. Derfor skal eg opna ei dokke for kvar dag og skriva litt om den karakteren som dukker opp, men før eg opnar Svampebob skal eg skriva litt om han.

Svampebob Firkant er ein porøs sjøsvamp som bur på havbotnen. Han har munn med utståande fortenner, smilehol, armer, føter og hender. Han kan strekka armane i alle retningar, og dersom han slår seg eller liknande er han like fin etterpå. Svampebob går vanlegvis i ei kvit skjorte, eit raudt slips og brune bukser. Om natta bruker han nokre gonger ei grøn badekåpe, men går for det meste til sengs i undertøyet, sokkar og sko. Når han skal symja bruker han et par blå badebukser og av og til ein svart speedo. Han bruker også ei raud sløyfe i staden for slips ved spesielle anledningar.

Svampebob har ein karriere som frityrkokk på restauranten Krusty Krab, og har vore månadens ansette heile 26 gonger. Han er også ein ivrig manetfangar, og har fanga alle manetane i heile byen. Svampebob er ekstremt søt, snill, morosam, generøs, lystig, venleg, glad, kjærlig og hardtarbeidande.

Eg skal no opna Svampebob.

Tamtamtam...

PATRICK!



Eigentleg er Patrick den kulaste av alle. Han er ei kjempesnill rosa sjøstjerne. Patrick er Svampebob sin nærmaste nabo, og liker å gjera alt som Svampebob gjer. Patrick og Svampebob er bestevenner.


I morgon skal eg opna Patrick.

3 kommentarer:

Anonym 2:38 p.m.  

Haha! vildt løøøøøøøye!
det er bra du likte den da, men jeg visste jo egentlig det, for det var jo JEG som fant på den gaven...!
haha, neida.
vi snakkes i ferien da!
Klem

Trine Selvikvåg 4:20 p.m.  

Sis= Svampebob i speedoen!

Æg heie på patrick

Anonym 12:37 p.m.  

Haha! Konge, Hilde!! Den va jammen meg kule! Eg må meste få koma opp en dag å studera an nærmare;)

  © Blogger template 'Neuronic' by Ourblogtemplates.com 2008

Back to TOP