torsdag, mai 29, 2008

Gyldne tider

No skal du få sjå noko du sikkert ikkje visste. Eg, Hanne og Stine gjorde dette nesten kvar dag i mange år. Det er nedlagt no, men du og du så lenge det varte. På rommet mitt hadde me ein eigen skule. Ein slags liksomskule. Saman var me lærarar for ein klasse på 17 elevar, som etter kvart blei til 19. Klassa vår begynte i 3A. Deretter blei det 4A, 5A, 6A og kanskje til og med 7A. Med andre ord, me blei aldri lei av denne leiken. Alle elevane hadde namn. Her har du klasselista:

Sandra Amundsen
Pål Arne Bjørkedal (Påli)
Kåre Didriksson
Marita Engenes
Linda-Katrine Evensen (kom i 6. klasse)
Kristian Lee Hallingdal (Kristian LH)
Sofia Jertzen
Kim Johnsen (kom i 6. klasse)
Anja Lommedal
Lars Henrik Namsen
Annika Ogna
Ine Pettersen
Geir Randaberg
Sille Seljåsen
Stian Strøm
Julia Sørensen
Åge Såle
Jon Fredrik Ånelv

Me fann etter kvart ut at det var ikkje nok med namn på eleven, og laga derfor namn på alle foreldre/føresette i tillegg. Du skal no få bli kjend med ein av elevane i 4A.

Pål Arne Bjørkedal:
"Ingen over, ingen ved siden". Pål Arne er sjefen. Han blir ofte kalt Påli. Pål Arne har blå auge og lyst hår med striper. Han har hol i det eine øyret. Han er saman med Julia i klassen. Dei blei i lag på diskoen på elevkvelden. Bestekompisen til Pål Arne er Kristian LH. Kristian LH er kjærast med Sandra i klassen. Kristian og Pål Arne likar å breaka. I tillegg spelar dei også handball og fotball. Pål Arne har ei syster som heiter Emma. Ho er veldig kul. Av og til får Pål Arne vera med kompisane til Emma. Det er stas. Pål Arne er eigentleg ikkje så flink på skulen, men han kan viss han vil.

Alle elevane hadde eigne skrivebøker. I byrjinga laga me alle bøkene sjølv med ark som me stifta saman til eit hefte. I tillegg stifta me ofte eit farga ark på utsida slik at bøkene fekk litt særpreg. Desse bøkene var kjempefine. Dei første bøkene me laga var elevbøkene. Som du ser hadde dei linjesystem utan ruter. Eg veit ikkje heilt kva me meinte me det, men det var sikkert veldig viktig å få fram sidan det fekk så stor plass på utsida. Inne i bøkene skreiv elevane om seg sjølv og teikna sjølvportrett. Alle hadde kvar sin farge på omslaget og dette blei veldig fint når me la dei i bunker. Alle elevane blei til saman ein slags regnboge, svært gjennomtenkt.
Elevane hadde også eiga minnebok. I dei hadde alle elvane minner frå medelevane og andre vennar.
Ikkje nok med det; elevane fekk og eigne meldebøker der foreldra skreiv meldingar til oss lærarar. Her er eit eksempel frå Åge si meldebok:

Me oppdaga fort at dei sjølvlaga bøkene var litt i tynnaste laget. Elevane skreiv så mykje at dei blei rett og slett litt fort utskrivne. Derfor kjøpte me ferdige kladdebøker i staden. I dei var det mykje betre plass. I tillegg hadde dei både linjesystem og marg. Me kjøpte oftast bøkene på Coop Mega eller Bok&Media til 2-3 kr pr. stk. I tillegg kjøpte me og plastlommar. Pengane fekk me frå klassekassa, ein konvolutt med 20 kr frå kvar av oss. Likevel brukte me sjeldan mykje pengar på bøker. Me fekk nemleg gratis bøker av Trine. Alle bøkene ho ikkje hadde bruk for, gav ho til oss. Det var omtrent berre ”dasspapir” bøker, men det gjorde ikkje noko. Dei var store og hadde både marg og linjesystem. Etter kvart fekk me til og med blomar frå ukjente!

Som alle klassar flest, er alle elevane svært ulike. Nokre er svært dyktige og pliktoppfyllande, medan andre er litt meir urolige og rappkjefta. Me likte godt å leika dei penslige jentene. I tillegg var det veldig kjekt å vera dei kule gutane. Då skrudde me ofte på musikk og dansa me ofte breakdance på golvet. Me hadde også ein elev med diagnosen ADHD. Sidan me hadde taushetsplikt, skal eg ikkje nemna namn, men denne eleven gjekk på tablettar. Me hadde sjølvsagt ikkje slike tablettar. Derfor brukte me fluortablettar. Det var veldig lærrerikt å ha ein slik eleven i klassa, og me blei nesten litt glad i han i slutten. Me laga også ein eigen klassekassett der elevane song og snakka. Den har eg enno.

Eg har tatt vare på mykje av skulen, noko eg er veldig glad for. Der er nemleg mykje legendarisk stoff som eg ikkje klarer å kvitta meg med.

7 kommentarer:

Trine Selvikvåg 10:00 p.m.  

LEGENDARISK!
Dette æ seriøst dæ kulaste så he skjedd i dette huset. Te og mæ kulare enn når dåkke lekte Notar.

Te og mæ æg blei jo kjende mæ desse.

Æg he lyst te å føya te nogen ting.
- Dåkke gjekk faktisk ao vakt for di i friminnuttå. Mæ gule refleksvesta.
- Dåkke hadde faktisk telefonnummer te kvær elev.
- Æg konne faktisk navnå, diagnose og foreldre/onkla te mange i denne klassen (og kan dæ ennå).
- Æg vett kor blommane kom i frå
- Æg syns dæ æ imponerande at du øveholde taushetsplikten. Likte den der.
- Æg ellers minna dæg på at du ikkje va liga flinke te å skjula ken yndlingseleven va.
- Dåkke lagte faktisk bursdagskalender så hang oppe på rommet.
- Dåkke lagte faktisk adventskalender og hadde adventskos
- Æg he faktisk bidratt te denne adventskalenderen.
- Dåkke lagte faktisk KLASSEKASETT
- DÅKKE VA SJEEEEEFS

Anonym 10:35 p.m.  

Æg ska kje skrøyda på mæg at æg vett så møje så Trine, men at d va kult, at dokke va konge, at dokke hadde geniale idèa, at dokke rett å slett bare va heilt fantastiske i den tiå, d kan æg skriva onna på (litt verre mæ koss dokke æ nå;))!

Ken andre sidde å broge ørten tima på å skriva i andre sine skulebøge itte skuleti? Nei, d va jo bare kult!!=)

Å advnetskalender å greie, va jo kje måde på!

Må bare sei at æg ao huske at enn hadde diagnosen ADHD, å huske ofta du snakte om desse elevane.. DIGGE mimring, å denne mimringå va KULE Hilde!!

Trenge vell kje sei noge meir?

...til og med planter og blomar frå ukjente!

Hilde 10:38 a.m.  

Trine: Eg hadde heilt glømt av dæ mæ refleksvestane!!!! Off dæ æ faktisk tragisk at me jor dæ. Når du seie dæ så kom eg på at me faktisk hadde ei bjella så me pleide ringa mæ når friminuttet va slutt. Hahaha! Du konne alt, ja. Du he te og mæ skreve i meldebogå te Åge eller Pål Arne i smug.

Ingrid: Sjefs at du likte den. Me va heilt sikre på at d va du så ga blommane, skjellå, potteplantene og alt. Men einaste eg huske va at d va ront jul og at d kom nogen å ringde på og sa: Dette æ te skulen. Men eg fekk ikkje veda kem d va i frå. Uansitt, viss d va dæg, Ingrid, så va både mæg, Hanne og Stine evigt takknemlige for d! Og d æ faktisk enn gronn te at eg he d ennå. Men når dæ æ sakt, så he jo både du og Trine sakt at d ikkje va dæg....hmm kem kan d ver?

Anonym 11:39 a.m.  

Hmm... ja, ken kan d vær? Æg kan mæ håndå på hjerta sei at æg aldri he ringt på dørå dokkas uden å gjort mæg t kjenne...

Refleksvesta å bjella, hahahaha!!! Meste så folk sko bjynt å lura på om dokke va heitl friske?;)

Anonym 10:26 p.m.  

Dæ kulaste va jo nå me lagte klassekassett!!!! Tragikomsik!

Anonym 1:12 p.m.  

FANTASTISK!

Anonym 10:11 p.m.  

Hohoho!!:D Eg leeer!! Må mesten ha en reunion (vett kje heilt koss dæ skrives men..:P)

  © Blogger template 'Neuronic' by Ourblogtemplates.com 2008

Back to TOP