Skulekatalogen
I dag fekk me skulekatalogen. Skulekatalogar er noko av det kjekkaste eg veit. Ikkje alle er klar over kor mange ting du eigentleg kan gjera med ein skulekatalog. Det skal du få sjå no.
Ta han med på do
Når du sit på do er det veldig kjekt å ha ein skulekatalog. Då blir det med ein gong mykje kjekkare å sitja der.
Ta han med til venner
Å sjå i skulekatalogen i lag med venner er festleg. Spesielt skulekatalogen til storesøstrene/storebrødrene. Dersom vennen din har ein bror som ikkje vil kjøpa skulekatalogen er dette ekstra kjekt. Skulekatalogar som du ikkje har heime er mykje kjekkare.
Ta han med på bussturar
Då me skulle til Florø på kretslagsstur tok ei venninne og eg med oss skulekatalogane. Det blei ein slager. Spesielt skulekatalogen til Bryne VGS. Det blei kø for å få sjå i katalogane.
Læra namna på alle elevane på skulen
Då meiner eg både førenamn og etternamn. Mange kallar dette fritidsproblem, men det er det faktisk ikkje. Det er nyttig og du lærer namnet på jamnaldrande folk i distriktet.
Personsøkjar
Skulekatalogen er ein slags personsøkjar. Dersom vennen din pratar om ein person og du ikkje veit kven det er, kan du finna fram skulekatalogen. Der finn du både namn og bilete.
Læra kva som står under bileta.
Å ha kommentar under bileta i skulekatalogen er eit must. Desse kommentarane kan bli til kanonbra uttrykk som du og vennane dine kan le av.
Så, dersom du er storesyster eller storebror og ikkje vil kjøpa skulekatalogen; kjøp han! Småsøskena dine vil bli glade då.
5 kommentarer:
Hahha! ;D Konge, Hilde!
Iallefall kommentaren onna deg :P
Men.. en bør kanskje ha fleire eksemplar av katalogen hvis en ska både ha ann m på do, å busstur? :D
Hhaah! ja den va jo vilt bra. Veldig...kreative.
Du trenge bare et eksemplar av skulekatalogen. For husk: du torke deg itte du he sitt i skulekatalogen. Då blir d akkurat så å sjå i ståvå elle andre plasse;) haha!
KIZISEDG! Klare du den?
VSB! Klare du den?
Æg føle dette va en slags takk te mæg så he forsynt dæg mæ skulekataloga i tri år nå! Nå æ dæ æg så ska pugga navn ;)
ååå!! æg æ så enige!! takk te han som fant opp skulekatalogen=)
Genialt Hilde, genialt! Me har jo hatt nogen lattera allerede på sladderbanken pga. kommentarane :D Og div. nye kallenavn :D
Legg inn en kommentar