Lyefjell skisenter
Vintaren nærmar seg med stormskritt, og med vinteren kjem også snøen. Det er lite med snø på Lyefjell om vinteren, men kuldegrader derimot er ikkje uvanleg. Lyefjell rår nesten 200 meter over havet på det høgaste. Når det er 2-3 plussgrader på Bryne, hender svært ofte at temperaturen ligg rundt 0 grader på Lyefjell.
Når fotballsesongen er over og det blir kaldt og mørkt, er det dårleg med utandørsaktivitetar på Jæren. Mange unge blir ofte sitjande inne og har lite å finna på. Det var då Ivar Alstadsæter kom med den glimrande ideen med å få ein stad der jærbuane kan få stå på ski.
- Me kan utnytta denne høgdeskilnaden ved å byggja Lyefjell Skisenter, seier Ivar Alstadsæter.
Ivar jobbar som altmuligmann på Fidjeland skisenter og har peiling på både snøproduksjon og vellikehald.
- Det er viktig med snøkanonanlegg. Me vil ha installert 20 fastmonterte tårn, og 6 flyttbare einingar. Det gjer at me kan tilby eit stabilt forhold heile sesongen.
Omtrent slik er det tenkt at Lyefjell Skisenter skal sjå ut.
Teikninga er laga av Ivar Alstadsæter. Den raude pinnen er masta ved Håfjell. Då Trine tok bilete av Lyefjell fekk ho litt feil vinkel. Bunnstasjonen er ikkje kome med, men så fort Trine får tatt eit nytt bilete skal Ivar laga ei ny teikning.
8 kommentarer:
Haha kooonge!:D Eg æ lett md å står på ski!!=)
Heilt fantastisk! Æg ska ta et nytt bilde om ikkje alt for lenge!
Dette æ tingen;D Bra jobba hidle!
Jepp! Lyefjell skisenter komme te å bli en superattraksjon. Bra jobba du ao, Ivar:D Me æ superteam
Heiheihei! Ikkje gløm fotografen i dette superteamet!
wohei!:D
den e eg med på:D
Sjefs!! hadde vert gal kult mæ skisenter på lye;p
Legg inn en kommentar