lørdag, august 04, 2007

Skaw cup

Fotballturneringar er noko av det kjekkaste eg veit. Det blir liksom ingen sommar uten turnering. I år var eg så heldig å få vera til Danmark på Skaw cup med Bryne J16. Bryne FK var godt representert:

- J 16
- J17
- Prima Jæren
- G 15/16
- G16
- Junior bredde
- Junior elite


J16 og 17 sov i ein gymsal med kort veg til dusjen, matsalen og byen. Det var herleg. I tillegg hadde me tarzantau, trampoline, turnringar og ipod høytalarar inne i gymsalen. Med andre ord var det god gang. Det var mykje lyd i J17 og om kveldane blei det mykje latter og lite søvn. For min del gjorde det ingenting, men for andre var det svært irriterande.

I Skagen gjekk det bussar heile tida bort til stadion og matsalen. Når det regna og me kjeda oss tok me like godt bussen rundt og hadde det sosialt. Utanfor gymsalen låg det ein fotballbane. Der hadde me O Aleli og Funky monkey ein dag. Me fekk ikkje så stor plass for Hødd hadde trening der. Men etter kvart fekk me med oss trenaren til Hødd. Det tok fullstendig av. Frå den dagen bestemte me oss for å heia litt på Hødd.

Sidan Skaw cup er ei turnering med mange gutelag og få jentelag måtte me stilla i 18 års klassa. Likevel gjekk det betre enn forventa. Me starta veldig bra og vann den første kampen 7-1 over Skagen. Dagen etter tapte 2-1 mot Danmark sitt fotballinternat OB (Odense Boldklub). Eit veldig surt tap i og med at me leda 1-0. Den tredje dagen spelte me mot Team klepp. Eg må berre skriva litt om den kampen. Me var nemleg førebudd på å tapa ganske kraftig. Likevel gav me alt me hadde. Overraskande nok vann me 2-1! Høgdepunktet av turneringa! Mykje av æra gjekk til J17 som heia og skreik febrilsk på oss. Bråket deira kom altså til nytte likevel. Om kvelden blei det roleg med ein gong. J17 hadde nemleg brukt opp all energien sin på å heia på oss. Me var ganske utkjørt etter klepp kampen. Derfor tapte me 2-0 mot Haugar dagen etter. Og håpet om ein finaleplass var derfor ute. Siste kampen spelte me mot J17. Ein jamn kamp der me vann 1-0. Me kom på 3. plass av 6 lag. Klepp vann finalen 2-1 over OB.

Ellers var det veldig store bølgjer heimover. Eg åt ein stor hamburger med tilbehør og alt kom opp igjen. Me var heime midt på natta.
Utanom fotballen blei det ein del intern humor og latter. Oransje gutar, ost ost ost, e d gang, la di da. På bussen heim var det ein svært god eppisode med Hanne og Si Jane. Hanne skulle ha mailen til Si Jane. Medan Si Jane skriv mailen inn på mobilen til Hanne kjem det frå Hanne:
- Javell Si Jane, æ d vinnar mail?
Si Jane tenker seg litt om og svarer:
- Nei dæ æ hotmail.

Hahaha!
Takk for turen!

2 kommentarer:

Anonym 10:30 a.m.  

oh man! Skaw Cup va så gang! Sikker vinner dæ alså!:)

Si-Jane tog jo kagå mæ den besvarelsen..fy søren så eg lo!!:D haha..hu æ helten!

eg vil au benytta anledningå t å takka for posten eg fekk av deg i dag:) eg lo! hahaha

Trine Selvikvåg 11:19 p.m.  

Du æ så sleeeeden Hilde! Gidde jo aldri oppdatera!

Men ellers va dette en bra blogg! Jilt å læsa. Men dæ æ grense for kor jilt dæ æ å læsa den same bloggen kvær gong æ åbne svampebobsiå! Æg vil ha en blogg om Patrick!!!!

  © Blogger template 'Neuronic' by Ourblogtemplates.com 2008

Back to TOP