onsdag, juli 18, 2007

Dei beste venninnene du kan ha

I går fekk eg ei overrasking eg seint vil gløyma. Ja, det var rett og slett eit sjokk! I andledning min 16 årsdag hadde Hanne og Linda laga ein film til meg. Det var ikkje småtteri dei to jentene hadde klart å fått til.



Filmen starta med masse bilete av oss, og fine ord som dei hadde snekra saman på powerpoint. Deretter kom det ein konsert med Hanne og Linda. Den første sangen var My boobs are ok. Hanne og Linda hadde derfor kledd seg ut som Lene Alexandra. Hahaha! Det var eit syn. Deretter kom den gode slageren, Laila. Hanne var Laila i pene klær, og Linda hadde mage og skjorta oppi buksa og var sibben. Hahaha! Viss eg ikkje husker feil kom Vi ska fæst etterpå. Dei hadde kledd seg ut som sossar med kleda til Olav. I tillegg hadde dei snus (druer). Og dei såg ut som sossar også!!! Så kom We're gonna win. Hanne hadde fått på seg den vakre turndrakta til Linda, og Linda sjølv viste skills med fotballen på brystet og drakta oppi kortbuksa!! Hahah! Så kom den vakre brynesangen, Haia Bryyyyynøøø. Hanne og Linda hadde derfor tatt på seg brynedrakt og song så vakkert! Dei var utruleg flinke!! Så kom den gode slageren, Stacy's mum. Hanne gjekk rett inn i rollen som ein avslappa, flørtande gutt, og Linda var Stacy og Stacy's mum. Eg halt på å detta om der eg sat. Til slutt kom sjølvsagt, Bonde. Dei hadde tatt på seg dressane sine. Linda sat i traktoren og følte seg svært komfortabel. Hanne derimot var inne i fjoset i lag med kyrne, og følte seg ikkje like komfortabel. Det var stort! Dei er utruleg gode skodespelarar!!!!!

Etter Bonde, blei eg heilt taus. For du kan ikkje førestilla deg kven som dukka opp på skjermen og gratulerte meg med dagen; Thomas Pireira og Søren Berg, på VIKING! Hanne og Linda hadde reist heilt inn til Viking stadion for å få film av dei!!!! Eg fekk tårer i augene. For nokre venninner eg har!

I går då eg var på trening hadde Hanne og Linda luska seg inn på stadion og filma folk. Først kom det ein glimrande sang av Eirik, Kenneth og Marius. I mens eg var inne å trente, filma dei Jo og Egil filma utanfor Jærhallen utan at eg merka noko som helst. Og til slutt kom det ei vakker rakettoppvisning av Karen og Vegard. Haha!

Eg blei heilt mållaus av denne filmen. Og eg kjem nok til å sjå han utruleg mange gonger i løpet av livet mitt. Tusen takk til alle som var med på filmen. Det var heilt fantastisk.

Og når det gjeld hjernane bak filmen er dette er eit bevis på at eg har nokre venninner av sjeldan klasse, og eg er utruleg glade i dykk!

2 kommentarer:

Anonym 11:34 p.m.  

Kooonge!!=) Hørres ud som en god humor film;) Den må æg få sjå!!

Eg vart så imponterte når Hanne fortalde meg at di sko intervjua Viking-spelara, dæ va jo en glimrandes ide!=)

Håbe ud får en forsatt fin sommar, Hilde! Glede meg te å treffa dæg:D Stor klem

Anonym 5:07 a.m.  

Takk for en interessant blogg

  © Blogger template 'Neuronic' by Ourblogtemplates.com 2008

Back to TOP