mandag, januar 01, 2007

Nyttårsforsett 2007

Eit år er gått, og eit nytt år har me fått!
Det er 2007! Godt nyttår!



Når me kjem inn i eit nytt år er det som regel vanleg å koma med nokre nyttårsforsett. Eg har eigentleg ikkje tenkt over om eg har nokre. Likevel skal eg prøva å koma med litt.

1. Eg skal reie opp senga mi kvar dag. Då blir ikkje rommet mitt så rotete. I tillegg skal eg ikkje slengja frå meg klede på golvet.

2. Eg skal få ein betre skottfot (dersom du ikkje forstår kva det er, er skottfot det nynorske ordet for skuddfot) Far har nemleg klaga på at eg ikkje skyt godt nok, men han har som vanleg lova også meg at han skal ta meg med på banen for å øve. Me får sjå på dette, far.

3. Eg skal reisa så mykje kollektivt som eg klarar. Både til brynetreningane og elles. Då forureinar eg mindre, og håpet om å få snø til neste jul blir iallfall ikkje heilt ute. Det bør forresten du også gjere.



4. Eg skal ikkje plaga Trine når ho sit ved datamaskina og gjer lekser. Berre av og til...

5. No som jula er over skal eg ikkje eta snop/sjokolade/namnam i kvardagen.



6. Eg skal ikkje vera redd for rakettar, flammar og torden. I det minste skal eg skjula redsla mi litt betre.

7. Eg skal øvelseskøyra mykje når eg blir gammal nok.

8. Eg skal bli flinkare til å lagra viktige ting på dataen, slik at eg ikkje mister alt eg har gjort.

9. Eg skal ikkje tøysa på flexi. Det er heller ikkje sikkert at eg går på flexi. Reglane er nemleg svært korrupte.



10. Eg skal blogga meir. Faktisk har eg ein tendens til å berre blogga ved høgtider. Dette skal det bli ei endring på.

Sånn heilt til slutt, har du nokre nyttårsforsett? Det er berre å fyre laus dersom du har nokre!

2 kommentarer:

Anonym 2:59 p.m.  

Likte deler av nr. 9 :-)

Hanne 4:13 p.m.  
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

  © Blogger template 'Neuronic' by Ourblogtemplates.com 2008

Back to TOP