mandag, september 05, 2005

Tid


Me sparar på det. Me vil ha meir av det, men me brukar det konstant.

Har du nokon gong lurt på kor tida blir av? ”Eg har ikkje tid”, seier du kanskje ofte. Tida går alt for fort, og vips er ein ny dag over. Dagane mine er stort sett like. Det byrjar med dei vanlege morgonrituala før eg går på skulen. Skuletimane rasar avgarde, og med eitt er eg heime. Då går det meste av ettermiddagen til lekser og fritidsaktivitetar. Brått er det kveld og eg må i seng.
Slik ruslar tida av garde, inn i framtida, bort frå fortida. Du veit aldri kva som kjem til å henda, om det er noko trist, morosamt, bra eller dårleg.

Folk seier at samfunnet i dag er prega av at folk har så dårleg tid. ”Når eg var ung”, seier dei eldre, ”då tok me oss tid til å slappa av og høyra på fuglekvitteret”. Det som er litt rart med dette, er at i dag har me så mange elektriske hjelpemidlar som skal ”gjera kvardagen vår enklare”. Brødristar, vekkerklokke, oppvaskmaskin, bil, buss og mikrobølgjeomn er blant desse. Kvifor stressar me då meir enn før?

Eg har nesten alltid dårleg tid. Foreldra mine bruker å seia at eg aldri er klar når eg skal, men det er eg altså. Det er berre det at når eg har ein avtale, kjem det stadig opp nye ting som eg må ordna før eg går. Far meiner at eg startar for seint med å gjera meg klar, men det meiner ikkje eg. Det er nemleg slik at sjølv om eg byrjar tidleg får eg det travelt når eg skal gå. Eg bruker å stå opp ganske tidleg når eg skal på skulen, slik at eg har god tid, men det er eigentleg ikkje vits. Eg stressar alltid ut av huset. Dersom eg forsøv meg litt, kjem eg meg på skulen likevel. Det er det som er så merkeleg. Eg tilpassar meg liksom den tida eg har. Det har nok med å gjera at det å ha dårleg tid skapar effektivitet.

Dersom eg ikkje har dårleg tid, har eg god tid. Det er ikkje støtt ein god ting. Alt går liksom så sakte. Når ting går sakte blir alt keisamt.
Då eg var mindre var det slik heile tida. Det var fordi eg hadde så mykje å gleda meg til. Alt gjekk tregt fram mot bursdag, jul, nyttårsaftan og 17 mai, mens sjølve høgtidsdagane derimot gjekk ufatteleg fort. Dette stemmer nok eigentleg litt enno, men sjølv om eg ikkje likar å innrømme det, har eg nok forandra meg litt med tida.

Eigentleg trur eg at me er litt for myke fokusert på tida. På armen, mobiltelefonen, alle veggane i huset, datamaskinen, skulen, i butikken og i bilen har me klokker. Me må kanskje ut i (ur)skogen for å finna ein plass der det ikkje finst ei klokke. Det å sjå at du heile tida må skunda deg for å rekka fram i tide, er så visst eit stressmoment. Likevel klarar eg ikkje å gå utan klokke. Eg har til og med eit kvitt klokkemerke på armen etter sola om sommaren. Når eg ser på klokka lenge, verker det som ho mest ikkje er i rørsle, men det må ho jo vera. Eg er faktisk over fjorten år no. Snart halvvegs til 30. Det er nifst å tenkja på. Viss tida skal helda fram i same fart som ho gjer no er eg jo snart vaksen. Eg vil ikkje verta stor. Det blir som Pierre Corneille sa ” Hvert øyeblikk i livet er et skritt videre mot døden.” Det er jo fantastisk å tenkja på.

Folk seier at dei må spara tid. Gjera fleire ting på ein gong, men kva skal me gjera med all tida me sparar? Tid går ikkje, tid kjem. Når eg har frykteleg dårleg tid, hender det at eg oppfører meg som om eg skulle vore ein blekksprut med åtte armar. Eg både gjer lekser, sit ved datamaskina, et, tar på fotballtøy, greier håret, øver på sangleksa, og ser fjernsyn samtidig som eg må halda diverse samtalar i gang. Då har eg spart masse tid, men får eg nytta den tida etterpå, eller blir ho brukt opp på tidsfordriv? Finst det ein fasit på kva me bør bruka tida vår til? Nei, tida er mystisk og vanskeleg å forstå.

”I samme øyeblik jeg sier: nu er nutiden - så er denne nutid allerede fortid, og jeg befinner meg i en ny nutid, som for et sekund siden var fremtid.”
- Helge Krog

9 kommentarer:

Trine Selvikvåg 10:14 p.m.  

Flott Hilde! Du he rett i d at du æ litt treige når du ska ud;) D æ ikkje bare mamms og papps så syns d:P Hehe, men du kan sedda på raketten viss du vil:) Men nå må æg meste gå å legga mæg. Æg somle enn delsjøl ao, men i dag ska æg legga mæg TIDligt=) Også ett lide tankesprang (vett du ke d æ forresten??) Dette va et tankesprang faktisk! T-t-t-tog du an??? Neidå, nå rolse æg fælt! Flott essay jaffal. Du he fonne den røde tråen!

Hilde 5:03 p.m.  

Tusentakk for komplimangå =)

Stine, du må legga ud essayet ditt ao!!! Heilt t der æg læste så va d kanon =) Åsså fekk du jo 6er av Bjarte i tillegg :P

Bra tankesprang, Trine. Æg tog an!!! Haha!!! Men du æ treigare enn mæg når du ska ud, åsså blir du gaaanske stressa :P

Trine Selvikvåg 9:36 p.m.  
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Hilde 9:38 p.m.  

Hajsann Zeitdiebe ( 1. Dieb)!!!
Du må kje røyga for mange graue zigarre!!! D æ kje godt for helså :P Pass deg så ikkje Momo komme å tæge zigarrane dine.
Hahaha!! Nei nå tulle lille Momo fælt hærane. Må nok hålda *fukusen*!! Hhihi :P
Men sånn ellers så takke æg for komplimanget ;D Glede meg t å læsa ditt, du må legga d ud på bloggen din!!! Dæ' bra ;D

Anonym 7:29 a.m.  

Well done!
[url=http://rcuchreu.com/ofkz/oqmp.html]My homepage[/url] | [url=http://namozrzu.com/kwnx/dyhb.html]Cool site[/url]

Anonym 7:29 a.m.  

Thank you!
http://rcuchreu.com/ofkz/oqmp.html | http://qyznyiue.com/uogj/zccr.html

Anonym 9:08 a.m.  

Great work!
[url=http://eylgvoma.com/cwhc/crwd.html]My homepage[/url] | [url=http://nzjmepnu.com/yqha/sfql.html]Cool site[/url]

Anonym 9:09 a.m.  

Great work!
My homepage | Please visit

Anonym 9:10 a.m.  

Well done!
http://eylgvoma.com/cwhc/crwd.html | http://qaqpdafq.com/favh/ecxy.html

  © Blogger template 'Neuronic' by Ourblogtemplates.com 2008

Back to TOP