Brekkoturen

På torsdag og fredag var heile 9. klasse på telttur til Brekko! Eg har hatt mange våte opplevingar i telt tidlegare, men denne turen blei kjempeflott, og ikkje minst tørr.
Me tok buss opp, og då me kom fram slo me opp telta våre. Eg, Stine, Hanne, Ane og Ingvild laga ein proff teltplass med to telt tett i tett. Stine, Hanne og eg i det eine, og Ane og Ingvild i det andre. I tillegg hadde Hanne med seg tau som me laga tørkesnor av.
Etter me hadde spist litt mat, var det tid for aktivitetar. Me spikka, hadde natursti og sprang stjerneorientering. Det var veldig kjekt. Seinare på dagen spelte me mafia. Eg må innrømma at eg var ein av dei som røpte seg stort den eine gongen. Derfor blei det ganske mykje latter.
Sånn elles grilla me om kvelden, hadde leiker, og kappløp med lærarane opp den bratte akebakken. Det tok heilt av!!!
Natta var god, og me sov godt å tørt i telta. Altså ein heilt topp telttur!!!

2 kommentarer:
Så kjekt at du he hatt en gilde tur. Æg pleie ikkje liga skuletura så godt, men denne hørres ud så enn så til og med æg konne ligt. Ære være godt vær=) Forresten va d en knallfine teining du hadde lagt! Godt å endeligt få en nye blogg!!
Takk for jille kommentara! D va nok på tiå mæ enn nye blogg. Takk for at dåkke likte tegningen min forresten =)Men me vannt på kampen i går;D Dæ va jo heilt konge=)
Me vant, me tog di, me lakte sennep av di!!! (Tjensvoll=gule=sennep) Hahahaha! T-t-t-t-t-t-tog du an....mohaha ;D
Legg inn en kommentar