Jogging er bra for stive lår.
Spensthopp styrker sikkert musklane, men 100 spensthopp er nok litt for mykje.
Det har nemleg 8.ab og 8.cd fått erfart! Eg trur aldri eg har vore så stiv etter gymtimen onsdag den 25. januar.I den gymtimen skulle me trena "hurtighet og spenst". Først måtte me ta desse 100 spensthoppa. Det var tungt men det gjekk bra. Me trudde ikkje det skulle bli så mykje meir, men det blei det. Neste post var hurtighet. Me skulle liggja nede på golvet, og "eksplodera" når me høyrde fløyta. Dette måtte me gjera 10 gonger, men ikkje nok med det. Låra skulle faktisk få kjørt seg endå meir.
Alle skulle hoppa over salen med samla føter så langt me kunne. Det var nemleg om å gjera å hoppa minst mogleg hopp over salen, og me skulle prøva å ha like mange hopp kvar gong. Dette måtte me gjennom 7 gonger! Det er jammen ikkje rart at me var stive etterpå! Men til ein opplysning er i allefall eg heilt bra i gjen no.
Det hjelp å jogga etter slike "spenst og hurtighet" gymtimer ;o)
Til slutt i denne bloggen vil eg få nevna at det er helg! Hurra!
Kva skulle me gjort uten fri i helga?

3 kommentarer:
Nice site!
[url=http://hnumvkfy.com/cotu/aajr.html]My homepage[/url] | [url=http://ijbgbjyz.com/relz/fcdm.html]Cool site[/url]
Nice site!
My homepage | Please visit
Well done!
http://hnumvkfy.com/cotu/aajr.html | http://vvbokzpa.com/ujcn/bigh.html
Legg inn en kommentar