tirsdag, juni 24, 2008

Me opnar Plankton

Det er bare Plankton igjen. Og ut av planton kjem...


Ja, kva kjem eigentleg ut av Plankton? Kva er det denne brune, gule og grøne dingsen skal forestilla? Se så liten han er!

Eg har tenkt litt og funne ut at det kan anten vera:
Nr 1: Huset til Svampebob


Nr 2: Potteplanten til Svampebob

Nr. 3: Ein spesiell sjøplante

Nr. 4: Burgerbilen til Svampebob

Eg har ikkje kome på fleire. "Ka du trur?"

Me opnar Bleke

Det tok ei stund før me fekk lov til å opna Bleke, men i dag kan me endeleg opna han.
Me opnar Bleke, og ut kjem…


PLANKTON!

Plankton er eigentleg ein ganske ukjent karakter. Plankton er bitteliten, og eig restauranten, Chum Bucket Restarurant. Dessverre for Plankton er det ingen som vil eta på restauranten hans. Derfor prøver plankton å stjela oppskrifter frå Krusty Krab restauranten.

Nå er det bare plankton igjen. Lurer på kven som får plass inni han?

torsdag, juni 19, 2008

Me opnar Patrick

Og kva er så inni Patrick?

Jo, BLEKE!

Det er no publikum skal skrika "Buuuuuu" og pipa. Bleke er nemleg den sure naboen til Svampebob. Han er ein blekksprut og arbeider som kasserar på Krusty Krab restauranten. Bleke er alltid sur! Svampebob og Patrick storkosar seg når Bleke er sur. Dei liker nemleg å trekka litt i han, for å få han endå sintare. Bleke kan ikkje fordra Svampebob og Patrick. Eg liker heller ikkje Bleke. Han er teit.


I morgon skal eg opna Bleke.

onsdag, juni 18, 2008

Presang frå London

Mine kjære søskenbarn, Marte og Stine, har nettopp vore i London. Heim frå London hadde dei med seg noko heilt fantastisk, ei Babushka dokke. Ei dokke av tre som du kan opna. Inni dokka finn du ein litt mindre figur. Denne kan du også opna. Slik held det fram heilt til figurane blir så små at det ikkje er plass. Eg diggar slike dokker. Trine har blant anna ein av Harry Potter med vennane til Harry inni, som ho fekk frå mamma då ho kom heim frå Ukraina. Men denne er heilt fantastisk, og kan du tenkja deg kva slags dokke det er?

SVAMPEBOB!

Først av alt må eg retta ein stor takk til Marte og Stine som eg fekk denne dokka av! Tusen takk! Samtidig er dette ein perfekt anledning til å bli betre kjend med Svampebob og vennene hans. Derfor skal eg opna ei dokke for kvar dag og skriva litt om den karakteren som dukker opp, men før eg opnar Svampebob skal eg skriva litt om han.

Svampebob Firkant er ein porøs sjøsvamp som bur på havbotnen. Han har munn med utståande fortenner, smilehol, armer, føter og hender. Han kan strekka armane i alle retningar, og dersom han slår seg eller liknande er han like fin etterpå. Svampebob går vanlegvis i ei kvit skjorte, eit raudt slips og brune bukser. Om natta bruker han nokre gonger ei grøn badekåpe, men går for det meste til sengs i undertøyet, sokkar og sko. Når han skal symja bruker han et par blå badebukser og av og til ein svart speedo. Han bruker også ei raud sløyfe i staden for slips ved spesielle anledningar.

Svampebob har ein karriere som frityrkokk på restauranten Krusty Krab, og har vore månadens ansette heile 26 gonger. Han er også ein ivrig manetfangar, og har fanga alle manetane i heile byen. Svampebob er ekstremt søt, snill, morosam, generøs, lystig, venleg, glad, kjærlig og hardtarbeidande.

Eg skal no opna Svampebob.

Tamtamtam...

PATRICK!



Eigentleg er Patrick den kulaste av alle. Han er ei kjempesnill rosa sjøstjerne. Patrick er Svampebob sin nærmaste nabo, og liker å gjera alt som Svampebob gjer. Patrick og Svampebob er bestevenner.


I morgon skal eg opna Patrick.

  © Blogger template 'Neuronic' by Ourblogtemplates.com 2008

Back to TOP