lørdag, mars 22, 2008

"D æ påskeeee"

Det er påske og eg storkosar meg. Etter ein hard fotballkamp på sundagen, og fotballtrening måndag og tysdag var det godt med litt ferie frå fotballen. Tysdag kveld tok Hanne, Trine og eg ein aldri så liten spasertur til Bryne for å leia film. Etter kvart blei det nokså kaldt, og me kom oss ikkje heilt heim. Derfor fekk me Joe til å henta oss. Me såg Switch den kvelden. Ingen av oss hadde fått sett han. Det var vel verdt det. Eg kunne sikkert sett han 100 gonger til.

Innebandygjengen på Lye har fått låna hallen denne ferien. Trine, Kristin og alle vennene kosar seg der nede og øver på skudd. Eg var nede to dagar, men blei kasta inn i mål med hjelm og skuddvest. Eg fekk veldig vondt i hendene, men som takk fekk eg kjøra vaktmeistaren sin vaskebil. Den er magisk!

Trine og eg har for det meste hatt huset for oss sjølv denne ferien. Mamma og far har vore på hytta. På torsdag hadde far bursdag. Derfor køyrde Trine og eg inn på overraskelsesbesøk kl. 8 om morgonen. Han fekk påskeegg av oss med masse surt snop i. I tillegg fant eg og Trine 3 nye Selvikvåg-ord.

1. Moloen
2. Seldal
3. Hommeland

På langfredag var eg så heldig å få vera med Hanne på det årlege treffet til Laland slekta. Det var konge. Hanne si slekt er svært underhaldane og veldig festleg. Me spelte svarteper, uno, yatzi og fotball på terassen. I tillegg fekk me prøva nintendoen til Henriette og Helena. Det var veldig mykje mat der! God mat! Masse mat!

I dag var eg og Karen Amalie på gratis trening på Elixia. Det var god gang! Me testa ut kor fort 3D mølla gjekk (gjekk kun opp til 18). Me hadde planar om å springa så fort at me datt i veggen, men det gjekk altså ikkje. I tillegg testa me ut 100 apperater, prøvde oss på benkpress og leste se og hør på trimsyklane.


Hanne og eg har fått eit nokså tøft treningsprogram i påsken som me skal gjennomføra. Ei økt med 1min springing 1 min pause, og ei økt med 17 /13. Me har no gjennomført begge øktene. Hardt, men godt. Me har også tatt oss ein tur med langkjøring og vurderer ein i morgon også.

Eg har matteprøve etter påsken. Derfor leikar eg matematikar på kjøkkenet og reknar litt i frie stundar. Matte er faktisk ikkje så verst når du får det til. Eg må gjera det godt på neste matteprøve!

I morgon går Mannen som elsket Yngve på kino 1 Sandnes. Verken Hanne eller eg har sett han, derfor hadde det vore sjef om me fekk det til. No skal eg i alle fall nyta dei siste dagane av påskeferien. Eg skal prøva å få rekna meir matte og sjå til å få lesa litt i den engelske boka mi. God påske!

PS: Eg saknar Unni, Torkild og gjengen frå Farmen. Trist at Farmen har påskeferie. Eg digger Farmen.

6 kommentarer:

Trine Selvikvåg 11:38 p.m.  

Heisann!

Seie bare "Alt for Yngve"!!!
Meget bra blogg! Du va magiske i mål! Stort utviklingspotensial.

Du må jo ao ta mæ at du he vore i aviså to gonge.

Glede mæg te å gjer færigt selvikvåglistå! Blir så sjefs. Ikkje glømm grua te mamma og far forresten. Og ikkje glømm Stølen!

Og for all del, ikkje gløm Triniiiiiiiii

Hilde 11:43 p.m.  

Åååå kjæme te å bli ei lange lista! Adle dei ordå! Uh! Kjenne æg æ klar for dæ snart. Stetten, uburen, naustår, odravigå, seliskjeret, villkatt, villmink! Nei æg æ klar når som helst.

Hørre at musjen står å ler på siå av deg der nere.

Trine Selvikvåg 11:46 p.m.  

Mamma he en nye: Jektaberje!!! Sjeeeeeeeeeefs
¨
Musjen sidde her. Han lukte parfyme

Trine Selvikvåg 11:47 p.m.  

Rettelse: Dæ va visst mamma sin fodkræm så lukte mann. Far lukte faktisk ingenting. hahah

Anonym 11:47 p.m.  

Mor di æ en mann....


Hilsen mordi

Anonym 11:51 p.m.  

Heiheihei. Musjen lukte skog. Han har våre å skogt heile dagen langt oppi jektaberjet. Kånå te musjen datt i bekken. Slo seg olveltes neri vatnet. Men heldigvis kom d en gutt i siksakk å henta na.

Msh (med skoglig hilsen) Musjen

  © Blogger template 'Neuronic' by Ourblogtemplates.com 2008

Back to TOP