fredag, august 25, 2006

Osloturen

Helga før skulestart var eg, Hanne og Ingeborg så heldig å få vera med Bryne sitt damelag på treningsleir til Oslo. Det var ei utruleg kjekk oppleving, der me fekk gjort ein masse aktivitetar.

Me reiste med fly, noko som me sparte masse reisetid på. Då me kom fram til Gardemoen stod det 4 flotte leiebilar og venta på oss. Inger, Margrethe, Stine og Anki var kjempegode sjåførar og fann fram sjølv i dei trongaste gatene.

Padling i kajak
Det første som stod på programmet var kajak padling. Det var svært få som hadde prøvd det før, og sjølvsagt vart det derfor endå meir spanande. Eg følte meg litt ustødig i byrjinga, og kræsja i ei "laksanot" fleire gonger. Etter kvart fekk eg taket på det og dermed bar det ut på oslofjorden. Det var litt store bølgjer, og me fekk verkeleg kjenna at me var på sjøen. Padling var utruleg kjekt, og eg vil gjerne gjera det igjen!







































































Grilling
Etter padlinga måtte me ha i oss litt mat. Valet stod mellom å gå på pizzarestaurant eller grille, og det vart grilling. Me bestemte oss for å grille på Huk-stranda, og kjørte dit. Då me kom dit oppdaga me eit skilt på veg inn.



Me tenkte ikkje så mykje over det som stod på skiltet, for klokka var jo over ti. Plutseleg ligg det ei naken dame i graset, og deretter ein naken mann. Me hadde havna på ei nudiststrand! Eg og Hanne hadde store problemer med å halda oss alvorlege. Deretter trakk me oss vekk frå dei utan klede og satte opp eingongsgrillane.
















Men hadde me ikkje før satt oss ned og fyrt opp grillane, kjem det plutseleg ein rar mann og set seg like ved. Han dreg av seg kleda og valsar rundt oss, som om han verkeleg ville visa seg fram. For ein teit mann!!! Likevel grilla me og hadde det morosamt. På menyen stod: maiskolber med smør, pølser marchmellows, og mariekjeks.











































Etter grillinga drog me på hotellet som låg midt i Oslo city. Det seier seg sjølv at det er ganske mykje leven i Oslo ein fredags kveld, men søvn fekk me.

Laurdag
Dagen starta med ein god frokost og jogging rundt Sognsvann. Deretter drog me på Adidas utsalet på Furuset. Der var det masse kule ting, der "Stig-Magne-genseren" vart svært populær. Etter handlinga bar det på ei 2-timers fotball økt. Me vart delt inn i 7er-lag og spelte mange 10 minutts-kampar. Det var kjempekjekt!

Vålerenga-Fredrikstad
Deretter stod Vålerenga-Fredrikstad for tur. Noko som alle hadde sett veldig fram til. Me satt midt i Klanen og der var det god gang. Framfor oss satt det tre klyser. Og sjølvsagt hadde eg og Hanne det ganske festleg med å ta bilete av dei.















Likevel gjekk det ikkje så bra for enga. Dei tapte fortjent 0-3. Noko som Ingeborg "Matti" Mathisen var veldig nøgd med.


































Peppes Pizza
Sidan me ikkje åt pizza på fredagen, gjorde me det heller på laurdagen. Dei fleste bestilte pizza, utan om Trine og Cecilie. Dei skulle liksom bestilla skinkesalat, men han var større en som så, og eg trur dei sleit "litt" med å få alt ned. Til tross for litt "big size" smakte det likevel kjempegodt. Trine syntes soppen var ekkel, btw! Den var jo rå, dvs ukokt! Eller ustekt

Etter pizzaen hadde Inger laga ein quiz som me hadde på hotellet.

Søndag
Denne dagen skulle me spela kamp mot Skeid sitt damelag. Kampen opna bra me og fekk det bra til. Dessverre fekk Skeid eit par fillemål i slutten av 1 omg. Likevel spelte Bryne god fotball, og la opp til mange flotte sjangsar. Stine putta til slutt inn eit mål! Noko som var svært fortjent. Kampen endte til slutt 3-1, men me var veldig fornøgde med innsatsen og spelet.

























































Så bar det til flyplassen, og gjett kven me møtte? Magne Hoseth! Hanne var så modig at ho spurde: "Hei! Om du trur at me kan få ta et bilde i lag mæ dæg?" Meget bra Hanne!!















Det har vore ein kjempekjekk tur med masse action! Tusen takk for at me fekk lov til å vera med!

7 kommentarer:

Anonym 5:53 p.m.  

Wow Hilde! Dæ haores ud så enn kjempetur, må je credit for dæ! (husekje norska ore får dæ:O)

Ynsje dæg elles lykke t mæ kæ du en begjer dæg udpå på foballsiå, må stå på får å ta igjen Trine fårstås, hehe:) Stå på=)

Trine Selvikvåg 6:03 p.m.  

Ja, va sjeeeeeeeeeeeeeeeeeeefs tur!
Vi er fra Oslo-øst:P
Du he heilt rett i at soppen va ekkelt og ukokt! Æg æ jo ikkje Stine Kleven heller! Så æg lige ikkje råe sopp!

Du glømte forresten å skriva ken så tog bilde av Magne Hoseth!

Primstad: Hilde æ forbi mæg allerede!

Hilde 6:20 p.m.  

Hahaha!
Sjeeeeeeeeeeeeeeeeeefs:D

Primstad: Dæ va sjikkele jille tur ja=D Å takk ska du ha for lykkeønskingå! Håbe du kose dæg i de forente stater, mæ frihetsgudinnen å skyskrabarane:P Men for all del: Ikkje gløym norsken:P Å jærsken ikkje minst!

Trine: Va en sjeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeefs tur ja! For da VÅÅÅLERENGA KJÆRRRRKE stod himmelen i brann, elle kæ d nå va:P Men du må slutta å hacka deg inn sjå meg. Dæ æ fyfy sjynna veda:P Dagens jukserim:
Sopp er best rått! Hahaha!
D va forresten en ukjent så tog bilde av åsse og Hoseth, Trine. Du hadde allre klart å toge dæ bilde:P
Forresten he du en sleeeeeben teknikk Trinå. Viss du vett kæ dæ betyr då:P Men du æ jo journalist så dæ må du veda.

Trine Selvikvåg 8:43 a.m.  

Meget bra jukserim Grobbelar!
D va nok æg så tog bildet jo. Æg he visuell forståelse som fag her på journalistikk, kan snart alt om koss du tæge et proft bilde. Legge du ikkje merke te kor profft aoene æ plassert i forhold te den horisontale midlinjå, koss hovedmotivet æ plassert i forhold te d gyldna snitt, dybdefølelsen i bildet, og den heilt retta eksponeringå. Stilte inn blenderen og hadde rett lukkertid, sånn at lysfølsomheten (ISO) blei heilt korrekt :P

Jaja! Fjellene skjelver! Over og ut!

PS. Nå sidde æg på skulen, og seinare i dag ska me te avaldsnes og spæla kamp. HEIA BRYNE!

Flash/Glam om du vil

Anonym 7:04 a.m.  

Takktakk Hilde:) Skal jær det eg kan! USA er verkele noge for seg sjøl, men det tar me så det kjæme:) Glømmekje av jærsken, men må bare reformera dæ litt... :) Men du vil jedna (å fårhåpentlig) varta litt oppvarta av det faktum at det er statue av Ivar Aasen på campus her på Concordia College, noko som gjer at nynorsk vil føre ann:) Norsk gjer seg godt her, gløymar ikkje av det forstås! Har en plan om å få tak i norsk flagg her etterkvart... vise patriotisme i samsvar mot amerikanarane... amerikanske flagg overalt! Men vi vil bestå for... "det er Norge i rødt, kvitt og blått!"

Anonym 6:48 p.m.  

hei Rrrrreidar!!

ja dæ va løøøøøøye!!! ;)

Cecilie 9:37 p.m.  

Hei du! Veit at æ "litt" seint ut, menmen. Bra at du har laga et helt referat fra Oslo turen. D va sjeefs å dra me Lyegjængen på tur! Rare folk forresten som reklamere for kredittkort! Hehe... Makan t folk!

  © Blogger template 'Neuronic' by Ourblogtemplates.com 2008

Back to TOP