onsdag, juni 07, 2006

Danske bank cup 2005

I pinsehelga drog Lye på fotballturnering. Turneringa gjekk føre seg i Horne i Danmark. Både jentelaget vårt og to andre 14-års lag frå Lye var representert. Me reiste på fredag føremiddag med tog og deretter vidare med båt.








Me overnatta på ein skule ved Horne, og laget vårt var så heldige å få akkurat det same klasserommet som året før. Det beste klasserommet etter vår meining. På skulen fekk me både frokost, matpakke og middag. I tillegg er det ein kjempekul kiosk der!

Kampane starta laurdag morgon. I år var det berre fem lag med i pulja vår og ikkje sluttspel men seriespel. Likevel vart det ikkje lettare med det. Me måtte nemleg konkurrera i "dame junior" klassa, og det fekk me merka alt i første kampen mot FK Radar. Radar var store, sterke og usportslege. I tillegg hadde dei to trenarar som vekte svært stor oppsikt med harde gloser og eit temperament uten like. Radar gjekk opp i ein 1-0 ledelse, men Lye gav ikkje opp av den grunn. I sluttminutta plasserte Ingeborg "matti" Mathisen eit frispark rett i vinkelen og det gjorde at me greidde uavgjordt. Noko me var svært nøgde med.

Deretter venta den mest frykta kampen: Lyngdal-Lye. Kvar kamp varma me opp med kraftige kamprop som syka ut dei fleste motstandarar.



Til tross for det knepne tapet for Lyndgal i finalen i fjor, var me svært revansjesugne og vant heile 3-1. Ein kjempekamp! Lyndal var sure og me i ekstase. Det såg dermed svært lyst ut for Lye-jentene.



I mellomtida gjorde me mykje anna kjekt: Hoppa rundt på hoppeputa, såg på dei andre Lye-laga og triksa.




Dagen etter skulle det heile avgjerdast. Me møtte Lillesand i den første kampen. Det vart ein spanande kamp som til slutt endte 4-1 til oss. Då var det berre ein kamp igjen på programmet: Lye - Hirtshals. I mellomtida spelte Radar mot Lyndgal. Ein kamp som visstnok skulle bli svært avgjerande for oss. Me kjempa iherdig i ein kamp som kosta både blod, svette og tårer. Me vann 4-1 i ein kamp som Lye styrde. Plutseleg i det dommaren bles av kampen kjem halve Lyelaget springande ut på banen med tårer i augene: "Me he vonne gull!" Lyngdal og Radar hadde nemleg spelt uavgjordt og dermed var det heile avgjordt. Lye hadde vunne gullet! Det tok lang tid før det i det heile tatt gjekk opp for meg at me hadde vunne. Seinare på kvelden drog me inn til Hirtshals og feira det heile med pizza. Derretter song me hor full hals for gateturistane i byen! Det vart ein festkveld som me seint vil gløyma.

Turneringa vart ikkje dårlegare når J-14 kom til finalen. Dei banka Skibshøjene Idrætsforening og vann finalen 2-0. Dermed hadde Lye skaffa seg heile to gull og i tillegg ein flott 5.plass til gutane. Premiesermonien vart ein fest med to digre pokalar til Lye. Nokre felte ei tåre eller to, medan andre jubla så stemmen forsvann.







Dermed var Danske bank cup 2006 over for denne gong. Og ein fangst på 2 gull er noko som Lye kan vera stolte av. Eit minne for livet!

9 kommentarer:

Hanne 3:25 p.m.  

du kan trykt sei at d va et minne for livet!!!!!! heilt fantastisk:D he allre våre på en så vilt nyd cup! ;D dæ va enormt kjekt! kan kje få sagt d nok gongge alså:D:D:D:D møje kjekkare nå du kan heia på andre lyelag au;D

DANSKE BANK CUP VA SJEF! :D

Anonym 5:18 p.m.  

Gratulera så møje godt-folk!!=) Såg utruligt kjekt ud, fekk meste lyst å reisa på enn cup æg ao, æ jo såå enormt kjekt mæ fotballcupa!!=) Krible litt i fødene!=) hehe!! Lykke t resten av sesongen!
Kjekt å sjå bilde frå turen, såg ud så dokke koste dokke knall masse!=)

Hilde 10:40 p.m.  

Hanne: Ja dæ va et minne for livet. Ei heilt utruligt fresh turnering mæ masse gæng! Va kje et sekund d va kjedele. Æg konne budd på den turneringå i mangen år:D Heilt geniale turnering altså! Ikkje så store, men vilt kule:D Åsså så mange bra folk;P Va kjekt å heia på andre lyelag ao ja! Enige mæ den;p Åsså sjef å gå på fine resturang og eda captein kids barnemeny mæ hamburger og potetbåda. Kan kje verta bære:P
Men lenge leve danske bank cup. Komme t å savna an!!!

Ingrid: Takktakk:D D va konge dæ ja. Du sko jo våre mæ!!! Då hadde d vorte ennå kulare. Men d må nok startas et damelag på lye. Så konne du, Ingrid våre mæ å dryla inn et par susara i krysset. Et damelag burde me fått t. ARG hadde jort seg der allså! Mæ stålkondisen!

Men d e dejli å være norsk i danmark. Dæ ska de veda:D

Anonym 5:02 p.m.  

hei hilde :) må bare gratulera mæ gulle! æg æ imponerte ;) allti kjekt når du komme mæ nye blogga, åsså denne va ekstra kjekke mæ alle di flotte bildene ;) stå på! go sommer! :)

Anonym 12:25 p.m.  

fantastic performance Hilde;) gratulera så møje=)

stå på gått viare ! noge fårtelle mæg att dette ækje dæ sista me he haort åm Hilde Selvikvåg;)

Trine Selvikvåg 11:00 p.m.  

Du he så rett Primstad! Tippe at Hilde komme mæ en nye blogg neste vega ao:P

Anonym 6:40 a.m.  

Thank you!
[url=http://exfwldic.com/iccv/kffx.html]My homepage[/url] | [url=http://qfdfoizb.com/jfir/rycr.html]Cool site[/url]

Anonym 6:40 a.m.  

Thank you!
My homepage | Please visit

Anonym 6:40 a.m.  

Good design!
http://exfwldic.com/iccv/kffx.html | http://qotixrwn.com/wjei/weuz.html

  © Blogger template 'Neuronic' by Ourblogtemplates.com 2008

Back to TOP