lørdag, april 01, 2006

Tøff nok?

Eg likar langrenn, latter, leik, lomper, og laurdagsgodt.
Eg hatar Harley Davidson, harpiks, heiagjengsleiarar, hubrohyl og halloween.
Eg frykter fyllikere, fyrverkeri, flammer, fengselsfuglar og fugleinfluensa.
Eg ønsker økonomi, ølforbod, Øystein Sunde- autograf, østersperle og ønskebrønn.
Eg elsker eplemos, eventyr, ekskursjonar, elgkarbonader og ego dikt.

Hilde Selvikvåg


Som sikkert mange har oppdaga, er eg ganske redd og skvetten av meg. Det er ein del ting som får hjartet mitt til å dunka fortare, og håra på ryggen til å reise seg. Derfor tenkte eg at eg skulle ta for meg ting som eg fryktar.

Rakettar
Rakettar er skumle saker. Kvar einaste nyttårsaftan vel eg helst å halda meg innandørs. Det hender at eg tek meg ein tur ut i gardsrommet med stjerneskott, men ikkje meir. I år valte eg å ha på meg vernebriller, i tilfelle eg skulle få ein rakett i augene. Viss du har vore på fotballbanen saman med meg sånn rundt nyttårstider, har du nok fått opplevd rakettrefleksen min også. Dersom eg høyrer ein rakett bak meg, byrjar eg med ein gong å spurte. Eg spring alt eg kan, men ikkje så langt, berre nokre få meter. Det plar å hjelpe uansett.



Flammar
Frå rakettar og over til flammar. Brann og eld er noko anna som skremmer meg. Eld på bål, i peisen og stearinlys er berre koseleg, men dersom elden ikkje er under kontroll er det verre. Den brannen eg hugser best, var kanskje den oppe på toppen for nokre år sidan. Eg var på fotballtrening den dagen, og plutseleg fekk me auge på masse røyk som steig opp frå fjellet. Dei andre tenkte svært lite over det, men eg greidde ikkje å konsentrere meg, og sto berre og såg på røyken. Etter kvart såg me digre flammar som åt seg inn i trea og buskane. Like etter kom brannbilar farande oppetter vegane. Eg var livredd for at brannen skulle spreie seg til husa, men heldigvis gjorde han ikkje det.



Det er mange som veit at eg er redd for flammar. Ein gong sprang nokre gutar etter meg med lighter og eg vart sjølvsagt livredd, men det hadde eg eigentleg grunn til også. Dei stengde meg inne på do, og tente på gummikanten rund døra. Dei fekk ikkje fyr på gummikanten, men etter kvart byrja det å koma masse røyk inn og eg fekk heilt pannikk. Heldigvis slapp dei meg ut igjen, og eg brann ikkje opp.

Lyn og torever
Eg likar ikkje torden! Det er skummelt. Eg hugsar spesielt godt ein gong me var i Arendal på besøk hos Gunvor, ein kjenning av mamma og far. I Arendal er det alltid varmt, og landskapet er veldig flatt. Altså, svært utsett for lynnedslag, og familien Selvikvåg vart så heldige å få oppleve det spektakulære toreveret.
Lufta var svært klam og eg låg og sov. Vindauget på rommet stod på vid gap. Plutseleg vakna eg av eit voldsamt torever. Det blei berre verre og ville nesten aldri ta slutt. Eg vart så redd at eg måtte innunder dyna til mamma. Der låg eg med augene att og hendene for øyrene. Ikkje ville eg sjå lynet og ikkje ville eg høyre tordenskrallet. Uveret varte og rakk. Gunvor var også livredd. Ho stod og skalv ute på gangen. Det gjorde ikkje meg mindre redd. Utpå morgonkvisten tok det omsider slutt, og godt var det. Berre så det er sagt kunne eg ikkje tenkt meg å budd i Arendal.



Narkomane
Det som eg kanskje er aller mest redd for, er narkomane. Noko av det verste eg veit, er å vente på nattoget frå Oslo til Stavanger. Det har eg nemleg opplevd mange skumle episodar. Den verste skrekkopplevinga var den gongen eg skulle ringa heim til far. Eg rusla roleg bort til telefonane på stasjonen, og plutseleg kjem det ein høg, sjanglete mann på rulleskøyter mot meg. Augene hans var heilt raude, og han sa: ”Du har’ke ei krone eller to?”
Eg vart livredd og visste ikkje kva eg skulle seie. Det einaste eg klarte å presse fram var eit lite og spinkelt ”neitakk”. Den narkomane mannen lo av meg og sa: ”Versegod”, og valsa vidare på rulleskøytene sine. Trine og mamma lo av meg, men eg var redd. Kjemperedd!


No som du har fått eit lite innblikk i kva eg fryktar, er eg sjølvsagt litt nysgjerrig på kva du er redd for? Er det kongroer, biller, slangar, høgder eller kanskje lokkemenn?

12 kommentarer:

Trine Selvikvåg 6:16 p.m.  

Æg æ Pelle du æ Pysa! Men d æ jo bare positivt for dæg då. Pysa æ jo møje kulare og smartare egentligt!

Veldigt kjekke blogg å læsa. Du he jammen fått fram di verste fryktene dine her, men æg syns du sko ha skreve om en ting te: Den utruligt skumla uglå aka duå :P Hehe!

Keffor æ du redde torden egentligt?

Min aller styste frykt æ å musta håret. Du vett, kraftå ligge som kjent i håret. Æg huske at på stjerner i sikte en gong va d ei så barberte av sæg alt d langa fina håret sitt bare for at hu sko vær skinhead o'connor! (he ikkje peiling på koss d skrives) Æg grein huske æg. D va så fælt.

Ellers he æg alltid våre redde for lokkemenn og så va æg livredde heksa hvit i Narnia då æg va liden. Hadde Mareritt i mange vege. Du va forresten livredde Hufsa så du trenge ikkje læ :P (Men æg va jo ao redde Hufsa forresten).

Når d gjelde han narkomanen på Oslo S. trur æg ikkje at æg lo der og då. Æg he ledd møje i itte tid, men når æg såg han kom bort te dæg va æg jo redde sjøl. Stakkars lille Hilde mæ den rødrutete lille kofferten sin. Det var litt av et syn. Sko trudd d va sjult kamera og at an va mæ i Kjetil&Kjartan show!

Æg kom på noge te. Du vett når du frykte noge så får du vont i magen, sant? D æg får mest vont i magen av æ å tenka på coopertesten. D æ nok tanken av coopertesten æg frykte mest. Offamæg. Fæle greie.

Jaja, dette blei en lange kommentar, men æg syns d va så kjekt å komentera. Bloggen din æ gyyyyyyd!:P

Anonym 11:17 p.m.  

Jeg er redd Hanne

Hilde 9:09 a.m.  

Gyyyyd:P haha! Den der uglå ja! Den va vilt skummel. Men heldigvis låg me bare i telt på terassen:P Veeeeldig langt inn! Hahah!

Æg ane ikkje koffor æg æ redde torden. D æ bare så skummelt. Men hovedgronnen æ nok at d kan bjynna å brenna av lyn. Alt så æ brannfarligt æ æg redde. D æ der rakettane ao kjæme inn i bilde.

Æg ao æ redde for å musta håre. Men nå fins d vel så mange flotte parykka at om d sko sje så tæge æg meg bare enn tur t Birkemo:P

Lokkemenn æ nifse! Huske du når du og Mari lurte mæg mæ allslags lokkemennsnakk? At lokkemennene kjørte ront i enn svarte eller kvide eller røde bil. Så spurte di unga om di ville ha snob, åsså sa ungane ja, og så tog lokkemennene di inn i bilen å kjørte di vekk.
Æg æ redde blottaren ao forresten.

Hufsa æ galskummel! Hu va jo selfølgele skumlare før, men æg lige ikkje å sjå na på fjernsyne ennå. Du va forresten livredde Dyrene i hjorteparken (mæ røøøøøøøyskatt, uggggle, moll, grevling, ikkje få pannikk kaninane og alt d der)D versta du visste va når nogen dødde. Men Hilde, hu sidde der, ikkje meir enn 4 år å æ heilt oppslukte i serien. Jaodå;P Du va litt pysete der ja.

Coopertesten æ skummel. Men æg trur me sleppe an:D For di grave rony foballbanen å då kan jo kje me springa der!!!! Hahha! Konge;D Kan heller springa i Åsen=)

Nå blei dette langt men potti dæ=)

Forresten, Jan Magnar? Æ du redde Hanne? Hanne æ kje farlige altså! Men på foballbanen, deeeer æ hu livsfarlige:P

Hanne 11:21 a.m.  

ja vilt!..alle vett at d æ du hilde så æ jan magne:P den æ sure vett u! lol:)

æg vett ikkje heilt kæ æg æ redde..kan du hjelpa meg..?

raketta æ sjef, torden å lyn æ grett nok.helle mg inne nå dæ styre på:) kan jo scrappa litt då=) (dæ rimte) narkomane he æg snakkt m..jekk grett d..mn ønske ikkje å omgås m di sånn i dagleglivet:p hufså æ sjef:) hu eige..

jaja me ser=) hade på bade (ikkje lås dg inne;) )

Anonym 11:59 a.m.  

wow, dæ va en åbenjartige påst Hilde! æg vil bjynna mæ å sai att dæ æ grett å væra redde av å t , mens får å øvekåma må enn jæra noge mæ dæ. æg legge i mi tru på att ting vil varta gått t sjuane å sist ; "For om eg skulle vandra gjennom dødsskuggens dal, fryktar eg ikkje for ondt. For eg er med deg, din kjepp og din stav, dei trøystar meg" Sal 23:4.

mens i den siste tiå kan æg påsai at æg he våre redde i å mysta mine goe venna; i lys av att æg raise t usa t haosten å møje usikre ting kan kåma åp - men dæ æ bara ett spørsmål åm karakter der å då:)

raint elars va æg øverraska øve att du sgo væra redde:) men du sga veda dæ æ hailt grett dæ Hilde , me sga støtta dæg åp så møje så rå=)

Trine Selvikvåg 11:58 a.m.  

Æg fekk fortsatt ikkje veda keffor du æ redde torden! Æg og Mari lurte oss sjøl mæ lokkemannsnakk. Me fant på så møje skummelt at me trudde på d sjøl ska æg sei dæg!Blotteren æ omtrent liga skummel så "den svate mannen". Rrrrrøyskatt æ jo summel! Men huggorm æ verre!:P Kæ du syns om Hegre og padde?

Anonym 3:47 p.m.  

Heihei Hilgø!:P

Me fant vel ud på skulen i dag en ting t me æ redde, eller jaffal eg å hanne då...hehe, SØPPEL:P

Ellers æ eg av den sorten så syns edderkoppa ikkje æ søde, å at slanga æ ekle!

Men du må ha en forsatt fine dag! Så snakkes me på træning;)

Hilde 4:10 p.m.  

Oi! Her va d jammen kome mange jille kommentara=)

Hanne: Æg va ikkje Jan Magnar. Dæ va Trine. Viss æg ikkje tæge feil så æ du redde sprøyte. Du æ livredde di. Haha! Åsså æ du redde helsesystar. Hufså æ ikkje sjefs. Hu æ skummel. Æg måtte læ av den "hade på bade, men ikkje lås deg inne" Hahhaha! Den va bare geniale.

Primstad: Så kjekt å få kommentar frå dæg=) Sedde store pris på dæ! Du må ha d kjekt i USA. Dæ æ enn bra plass!!! Då verte du enn kløppar i Engelsk, elle Amerikansk verte d vel. Ska du ri på delfina ao jedna? Men du må kosa dæg der! Æg æ forresten sikkar på at du ikkje kjæme t å musta vennane dine! Stå på=)

Trine: Æg svarte kanskje ikkje på torden nei. Men dæ æ et godt spørsmål. For dæ vett æg i groen ikkje sjøl. D æ nok bråge. Dondre så fælt!!! Sånn ellers så æ Hegre og Padde nogen konge folk (eller dyr blir d jedna) Hahaha! Men æ d ikkje plyyystre? Kem æ egele plystre? Æ d hegre? Nå blei æg i tvil! hahahah!

Stine: Du å Hanne æ nogen pyse når d jelle søppel. Æg måtte jo plukka mesten alt!!! Menmen, nogen æ visst redde søppel ao. Tog du i noge søppel i d heila tatt i dag? Eller sto du bare å halt på den påsen:P hehe! Men dæ æ bra Stine! Du jær enn goe innsats for miljøe=) Me snakkes på træning;P

is 10:31 p.m.  

Konge blogg Hilde!=) Lige alltid når d æ ei nye øveskrift her!=) hehe!!! Du æ goe å skriva! Mange bra kommentare va der ao ude å gjekk!=) Men kæ æ tøffe sterke uredde Ingrid egentligt redde for? D må vell vær at minnebogå t trine ska koma udføre småsporven 5 ja.. D Æ INGRID REDDE FOR!=) Sånn ellers æ d den stander mæ høyda, å d æ farligt ao d! Seie dæg bare d Hilde! Pass dæg for høyda, for all del!

-ingrid-

Trine Selvikvåg 9:33 a.m.  

Hoho! Ingrid, du he jo hedersminnet i minnebogå mi! D æ d kjekkaste minnet æg he! D æ jo så kult. Når du blir rige og berømte og ska på den store klassefesten ska æg ta mæ minnebogå mi! Hilde, bamse hus!

Hilde 2:10 p.m.  

Åååå dæ æ d kulaste minnet i minnebogå t Trine!!! Burde jammen lakt enn blogg om d!! Off, æg va veldi stygge mæ deg når æg lo av d før. Unnskyld for at æg va så teide. Men du ska veda at dæ minnet æ sååå utruligt kult!!! I steden for "dagen er ikke den samme uten, -VG" så he me "Minneboken til trine er ikke den samme uten, -minnet til Ingrid" Stå på Ingrid! Dæ minnet fortjene nobelprisen;)

is 11:22 p.m.  

Dokke må kje bøssa mæ d æg æ redde for!! Så Hilde, viss du lage enn aldri så liden blogg om d, ja då kjenne æg at du ska få besøg av både lyne, tordene, narkomane å d så verre æ, enn rakett i sengå!;)

Men, blir æg kjendis så måle æ, å æg får den æra av å værmæ på klassefesten, ja då Trine, då kan du heller ta fram d "vakra" minne! Hehe!!

Å d at du Hilde lo av d (trur nok du lær aldri så lide ennå) d æ heilt grett!=) En god latter forlenger live, kan æg hjelpa mæ d, æ d jaffal godt for noge!=)

-ingrid-

  © Blogger template 'Neuronic' by Ourblogtemplates.com 2008

Back to TOP