Flaskekrim
I sommarferien var eg på BLINK. Der fekk me gratis vannflasker frå Sandnes kommune. Denne flaska er ganske liten og eg plar ha han med meg på skulen. Eg har blitt litt mobba for flaska mi. Ho ser nemleg litt vel barnsleg ut. Likevel er eg veldig glad i flaska mi.
På torsdag hadde eg flaska på pulten i tysken. Då me skulle ut av timen hugsar eg ikkje om eg hadde tatt med meg flaska eller ikkje. Det fekk tydeleg visa seg på fredag. Då kom June med eit brev til meg. Ho sa ho hadde fått det frå nokre elevar i 3.klasse og ho fekk ikkje lov til å seia kven det var ifrå. I brevet stod det:
"Dersom du vil sjå din kjære flaske att i levande livet bør du...
Rydde bordene i midttimen på Bryne VGS. Du må gå med søppelet og spør kvart bord om de har noe å kaste minst kvar 7.minutt gjennom hele midt timen...
Jo lengre du venter, jo verre vil flasken få det.
Ikke kontakt oss, vi kontakter deg"
I tillegg var det lagt ved dette skumle biletet:
Eg hadde absolutt ikkje lyst til å gå rundt å rydda borda. Dessutan skulle me ha livsgledeløp og det passa seg ikkje. Derfor tenkte eg ikkje meir på det.
Men, då eg kom heim låg dette brevet på bordet på kjøkkenet:
"Du har enda ikke gjort det vi ba deg om..
Jo lengre du venter, jo verre vil flasken få det.
Ikke kontakt oss, vi kontakter deg."
Denne gongen hadde dei stappa flaska i mikroen:
Eg må innrømma at dette er utruelg morosamt. Likevel er det litt skummelt òg. Eg har ein mistanke om at det med 3.klassingane berre er ein bløff og at det er nokre tullekoppar i 1.klasse som står bak dette.
Eg er litt engsteleg for kva som kjem til å skje med flaska mi på mandag. Haha! Viss du ser flaska mi i handa på nokon andre enn meg, må du gje beskjed. Då blir eg glad.
13 kommentarer:
Æg tippe at Ingvild æ flaskenapparen!
Hahahahahhaha:>>>>
heiheihei! æg vil ikkje bli beskyldt for å ha nappa flaskå te hilde!! den flaske va jo helten vårs i tysktimane! savne na liga møje så dæg hildegard von bingen!!
(dessuten he æg mær å jær på en å skriva trusselbrev..;))
Hahahahhahaha! Æg he ikkje beskylt dæg, Ingvild. Æg trur at Laland og Horpestad æ innblanda. Når Horpestad kan sidda timesvis å spæla idolspælet så kan hu skriva trusselbrev ao. Æg trur forresten at Laland he lagt brevet i postkasså. Kje kem så helst så vett kor æg bur.
Alsåå, greit eg har lide å gjør på av og til på dagene :P men alså! til og med eg har mine sterke begrensinger på kæ æg finne på å gjør!.. ( + eg satt kje sååå lenge mæ de idol spele! .. )
Hahahahah! Kem då dæ kan vær? Men viss me ser på den fingen på bildet mæ mikroen, så ser me at dæ æ nogen mæ små negle. Ikkje sånne lange så Venki he. Så Venki ska ikkje få skuldå. Derfor ska æg sjekka neglene te kver og enn av både Laland, Horpestad og Wold i mårå. Hahahah!
EG vettkje eg kem det e !.. Ja, kom igjenn :P sjekk neglene mine du!.. Eg har ikke gjort dæ uansett!. Kæ må eg gjør for du ska truu meg!?
Hahahah! Neidå eg ska kje beskylda deg. Men æg forlange å sjå peikefingarnåglå di. Ska samenligna dæ mæ bilde å sjå om han ligne på di:P
Jaja hilde!.. ligna neglene mine!?
eg e uskyldig!..
Ja her va det liv!
Æg trur fortsatt dæ æ Ingvild!
hahah, vilt morsomt:D
Legg inn en kommentar