Tønes konsert
Hanne og eg er storfan av Tønes. Tidlegare i år var me så heldige å få besøk av han på ungdomsskulen, og når me fekk høyra at han skulle koma til Klepp for å ha konsert, måtte me berre gå.
Derfor var Hanne, Marit(også storfan av Tønes) og eg på konsert i går. Og eg kan fortelja deg at det var vel verdt pengane. Han hadde fleire nye songar som eg ikkje hadde høyrt før: Seminar, Yatzy, Hekso, Basar, Kjykkenbordet og mange fleire. Me lo! Me lo heile tida! For det første har han så utruleg mange bra tekstar, men for det andre så kjem han med nokre saftige kommentarar mellom innslaga.
Kompisen til Tønes på piano (sjefskar)
Bassefar
Tønes i sitt ess!
For dei som ikkje har vore på Tønes konsert, kan det anbefalast på det sterkaste.
2 kommentarer:
ååå Tønes æ HELT! Kjøba han LETT! :D Beste konserten eg nogen gong he våre på alså! Idol konsertane kan ikkje måla seg mod dette! :)
Dæ æ så nice vidle sanga:) Beste humoren! Ba måden han skrive å synge på æ heilt fantastiske!Han he en sånn sjarm øve seg. Faktisk så æ an en liden Northug! Du kan faktisk trekka en del parallella mjudlå dei to:p Vinnar kara begge! :)
Men Tønes ska koma t Jæren ijen haore eg jede om:d då må me gå! Tønes æ og forblir en HELT! :D
Go Tønes! :)
Seigemenne d e goe vare....
Legg inn en kommentar