mandag, desember 26, 2005

Kven er vinnaren?

Her kjem det nesten alle har venta på; kåringa av "hvem skjuler seg bak nissemaska konkurransen 2005"! Det har vore ein utruleg spanande konkurranse, med mykje dramatikk og spenning. Noko me kan takka alle dei ivrige blogglesarane for! Det er var små marginar som skilde første, andre og tredjeplassen. På diagrammet nedanfor kan vi sjå at nesten alle har klart å skaffa seg 2 poeng. Det er ein stor bragd spør du meg. Hanne, Stine, Alfred og Johan har vore dei aller ivrigaste, og har klart og samla med seg svært mange poeng. For meg er alle som har delteke vinnarar, men det var sjølvsagt ein person som utmerka seg i særleg grad, og det var ingen ringare enn Hanne Laland Egeland!


Hanne; ein ekte nisseekspert!


Hanne har vore ein trufast blogglesar gjennom heile desember, og har stått på til "the bitter end". Ho imponerte spesielt då ho til og med klarte Klaus Pettersen, assistent trenar i Tufte IL, og ikkje minst den gongen ho nesten klarte Frøydis i top model, utan å ha sett programmet! Eg må innrømma at Hanne har mått gjennomgå litt av kvart. Blant anna då eg la ut bilde av Hanne-nissen. Eg håpar at ho ikkje tok seg nær av det, for det er nemleg ein stor ære å få bæra det flotte nisseskjegget, og den praktfulle nisselua. Hanne har også blitt lurt fleire gonger. Heldigvis har ho takla dette svært bra! Noko ein vaskeekte nisseekspert skal klara!



Derfor er det berre å gratulera vinnaren av ”hvem skjuler seg bak nissemaska konkurransen 2005”! I tillegg til dette, vil Hanne få den flotte marsipangrisen. Gratulerer så mykje!

Plassering

1. Hanne Laland Egeland

2. Stine Bjelland

3. Alfred M. Paulsen

4. Johan Siqueland

5. Kjersti Løvoll/ Stine Kleven

6. Henning S. Olsen/ Ingrid Nese

Heilt til slutt vil eg berre sei tusen takk til alle som har delteke! De er alle vinnarar!






12 kommentarer:

Hanne 2:00 p.m.  

jippi æg vant!

Hilde 3:54 p.m.  

brabra!!!

Hanne 5:09 p.m.  

den marsipangrisen ska æg nyda godt!

Anonym 5:23 p.m.  

Åh fillen!!! Eg va kje langt i frå=(=(

Menmen, eg ska koma sterkt tebage neste år;) mohahaha!

Gratla Hanne=)

Trine Selvikvåg 5:53 p.m.  

Bra jobbing Hanne...og Stine...og Hilde! Veldig bra kalender syns æg! Neste år trur æg at æg ao vil værme! Då vinne æg lett!

is 6:33 p.m.  

Lige at æg kom på same plass så Henning uden å ha prøvd å tippa enn gong!;) D står d stor respekt av (eller, kanskje ikkje??). He jo alltid kome altfor seint inn på siå di Hilde, noge så he våre veldigt bittert! Håbe du he noge lignandes neste år, så ska æg ta mæg skikkeligt i samen!
Må bare gratulera Hanne så møje mæ seieren, va meget fortjent!!;)
-- Ingrid!

Anonym 1:58 a.m.  

Great work!
[url=http://brtnewtb.com/smjv/rqgi.html]My homepage[/url] | [url=http://febpyuvx.com/ladc/pryu.html]Cool site[/url]

Anonym 1:58 a.m.  

Thank you!
My homepage | Please visit

Anonym 1:58 a.m.  

Good design!
http://brtnewtb.com/smjv/rqgi.html | http://bjlsenum.com/hwyw/wcjp.html

Anonym 1:22 a.m.  

Great work!
[url=http://lkakilin.com/zest/zddw.html]My homepage[/url] | [url=http://sltnqgey.com/zufg/rccz.html]Cool site[/url]

Anonym 1:22 a.m.  

Nice site!
My homepage | Please visit

Anonym 1:22 a.m.  

Nice site!
http://lkakilin.com/zest/zddw.html | http://wutrngrl.com/lpgx/phqj.html

  © Blogger template 'Neuronic' by Ourblogtemplates.com 2008

Back to TOP