Eit forsinka selskap
I går hadde eg selskap. Eigentleg har eg bursdag den 14. juli og fekk aldri hatt det, men fredag den 29. oktober blei det endeleg selskap.
Dagen byrja med at eg vakna og var frykteleg forkjøla.
Eg som skulle ha tyskprøve, framføring og skulelagskamp måtte melda pass då det gjaldt skulen.
Det var frykteleg kjedeleg å vera heime frå skulen, og eg hadde ikkje lyst til å avlysa selskapet.
Heldigvis kvikna eg litt til utover dagen og det blei selskap likevel.
På menyen var det innbakte pølser og bringebærbrus med sugerøyr.
Etter me hadde spist var det mimeleik. Alle fekk kvar sitt plastglas som dei skulle samla nonstop i. Nonstopa var poeng som dei samla under alle leikane. Mimeleiken, Tommys popshow, beat for beat og sangmimeleiken. Premien var små glas til å ha lys i, nokre med farger på og andre med noter, og den som hadde flest nonstop fekk velja først. Til "kakematen" var det pannekaker med is og jordbær, gele i glas o.l.
Men eg må jo ikkje gløyma alle dei utruleg flotte presangane eg fekk: foto-ark(med mange flotte bilder på), hippokort, kort og konvolutter, brio-visker, bjarne betjent-visk, marsipan-egg, kjempefine blå votter med mjukt flisfor inni, kjempefine votter som mor til ane hadde strikka, og masse penger. 10000000000000 takk ;o)

3 kommentarer:
Great work!
[url=http://dgcgomlc.com/tpfl/vjkd.html]My homepage[/url] | [url=http://kuajrxdh.com/pxir/cnuw.html]Cool site[/url]
Thank you!
My homepage | Please visit
Good design!
http://dgcgomlc.com/tpfl/vjkd.html | http://vrkoqrgo.com/acil/vgzg.html
Legg inn en kommentar