tirsdag, juni 01, 2004

Varmen er i gang!

I går tok viking sin andre seier. 0-1over Stabæk på bortebane er ikkje verst.
Jippiiiiiii til alle som ikkje har fått med seg at eg heier på viking.

Eg har sjølv spelt kamp i dag. Frykteleg varmt, men veldig gildt som vanleg, sjølvom det ikkje er den beste kampen me har spelt. Me vann 2-1, men skulle vunne meire. ”Pott i dæ”, som eg pleier å seie.
Etterpå bada eg, Hanne og Stine på Tjoatjørn. Det var ganske kaldt i byrjinga, men etter kvart blei det betre, og til slutt så var det herleg. Eg trur ikkje det var så veldig mange grader i vatnet, men herleg var det uansett, når me var så kokte frå før av.
I morgon er det ny skulelagskamp. Me skal spela mor Auglend skole i Stavanger. Me er no i semifinalen, og eg måde gruer og gleder meg, men gleder meg mest, då. Vinn me denne kampen er me i finalen. Eg håper så inderleg me vinn kampen. Eg ska gje alt!
”For me er verdas beste jenter, i noregs land frå topp til tå, ja me er verdas beste jenter, me er dei kulaste, råaste, tøffaste, jentene, åååååååååååå Lye”! Sånn er heiaropet vårt. Me skal syka dei ut, skal prøva i allefall ;o)

0 kommentarer:

  © Blogger template 'Neuronic' by Ourblogtemplates.com 2008

Back to TOP