mandag, juni 07, 2004

Lye er i gang!

I helga var 11-laget vårt med på Austrått-turneringa 2004.
Den 5.juni oppe på Bogafjell vart den første kampen spelt, og motstandarane var Austrått.
Laget vårt liker eigentleg ikkje så veldig godt grusbanar, men denne var ikkje så verst. Sjølvom det støva fælt, var banen ganske brei, og breidde likar vårt lag.
Me greidde til slutt å dunka inn 7 mål. 7-0 vart resultatet. Me var kjempeglade for det resultatet. Etter denne kampen gjekk fera net til Iglemyr stadion der Sandve-kampen venta. Det var graskamp, men me var ikkje så på hugget den kampen som me var sist, men greidde likevel å vinna 1-0.
Den siste kampen vart spelt på Bogafjell. Lye - Ganndal.
Me kjempa oss fram til 2-0, og dermed stod semifinalen for tur.
Den blei spelt på sundagen 6. juni. Austrått - Lye.
Me banka dei 7-0, og dermed var me i finalen.
Ganndal skulle få møta dei gulkledde Lyespelarane som lukta siger.
Kampen starta ikkje så bra. Ganndal pressa og klarte å scora det første målet.
Lye datt litt ned til pause, men trenar, Bjørn Magnar, hadde ein oppbekkande samtale med oss, som fekk laget til å få gnisten tilbake. Me gjekk ut og pressa Ganndal, og reduserte til 1-1. Etter ei lita stund tok me ledelsen 2-1, og då var det berre å venta på at dommaren skulle blåsa i fløyta. Pip Pip Pip ! Lye jubla av full hals!
Aldri har me opplevd å vinna ein finale. Så utruleg bra.
Pokalen stod å venta på oss. Me kyssa pokalen og har aldri vore så glade.
Jippiiiiiiiiiiii!

3 kommentarer:

Anonym 8:05 a.m.  

Great work!
[url=http://rkkyxzkz.com/dfyg/bhxi.html]My homepage[/url] | [url=http://rzjqbmtv.com/cdgz/cemt.html]Cool site[/url]

Anonym 8:05 a.m.  

Well done!
My homepage | Please visit

Anonym 8:05 a.m.  

Great work!
http://rkkyxzkz.com/dfyg/bhxi.html | http://nhdasxyd.com/dfdt/bhyj.html

  © Blogger template 'Neuronic' by Ourblogtemplates.com 2008

Back to TOP